Historisk millionpris til Brev til kongen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk historisk millionpris

Dragon Awards-utdelinga på Gøteborg International Film Festival kåra Brev til kongen som beste nordiske film. Regissør Hisham Zaman og produsent Alan R. Milligan frå Film Farms får ein millionar svenske kroner på deling. Prissummen gjer Dragon Award til ein av verdas største filmpriser. Det er andre året på rad at Hisham Zaman mottek pris for beste nordiske film i Gøteborg, etter at han mottok den same prisen for Før snøen faller i 2013. Det er historisk, både med tanke på at det er sjeldan at regissørar rekkjer å lage to filmar på to år, og at begge filmane blir tatt ut til hovudkonkurransen i Gøteborg.

– At han så går og vinn begge gongene er unikt, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Filminstitutt.

Det er i tillegg tredje året på rad at ein norsk film vinn millionprisen etter at Kompani Orheim i regi av Arild Andresen fekk Dragon Award i 2012.

LES OGSÅ: Ein hyllest til kvinnelege animatørar

Årets jury i den nordiske konkurransen har sett og vurdert åtte filmar frå alle dei nordiske landa. Alle filmane skildrar på eit vis desperasjonen til eit menneske. Det seier òg noko om korleis det er å leva i Norden.

«Årets vinnar av Dragon Award Best Nordic Film er ein film som skildrar ein bortgløymd subkultur. Han skildrar menneske i periferien, i eit slags ingenmannsland. Det er ein film som er både empatisk og ærleg i portrettet sitt av mennesket. Å skildra fleire rollefigurar samstundes er ei vanskeleg oppgåve, og me beundrar måten dei einskilde forteljingane er fletta saman på.»

Risikofylt lågbudsjettfilm
– Eg er takksam og føler meg privilegert av å bli anerkjent endå ein gong blant dei nordiske kollegaene mine. Denne filmen er ein lågbudsjettfilm og den mest risikofylte kunstnariske og økonomiske av filmane mine. Tre år hardt arbeid har gjeve meg trua på å halda fram arbeidet mitt med filmen som ein viktig forteljarkunst, seier regissør Hisham Zaman etter å ha mottatt prisen i Gøteborg.

LES OGSÅ: Her kan du sjå Sundance-filmar

Tvillingsøstrene vann publikumsprisen
Dokumentarfilmen Tvillingsøstrene vann publikumsprisen for beste langfilm. Filmen er produsert, skrive og regissert av Mona Friis Bertheussen og er ei fascinerande historie om einegga tvillingar som veks opp i to vidt ulike miljø – den eine jenta i ein millionby i USA og den andre i ei vestlandsbygd i Noreg. Før jul vann han òg publikumsprisen ved verdas største dokumentarfilmfestival i Amsterdam.

LES OGSÅ: Nominert til prestisjepris

Faktaboks

Brev til Kongen er Hisham Zamans andre spelefilm, etter Før snøen faller. Tidlegare har Zaman blant anna laga den prislønna kortfilmen Bawke (2005) og novellefilmen Vinterland (2007).
Brev til Kongen skildrar fem personar på dagstur frå eit asylmottak og inn til Oslo. Dei fem historiene er bunde saman av eit brev, skrive av den 83 år gamle Mirza. Mirza ynskjer å overrekkja brevet til Kongen personleg på denne dagen. Brev til kongen hadde norsk kinopremiere 17. januar og er enno å sjå på kino i Noreg. Manuset er ved Hisham Zaman og Mehmet Aktas, produsert av Alan R. Milligan og Hisham Zaman for Film Farms