Historia om tank man på Den himmelske freds plass

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.06.2020 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hugsar du dette bildet?

Beijing 1989: Klokka nærmar seg 11 på føremiddagen 5. juni. Magnum-fotograf Stuart Franklin er på oppdrag for Time Magazine.

Han freistar å kome seg til eitt av dei lokale sjukehusa for å finne ut kor mange som er døde og såra. Det er dagen etter at den kinesiske hæren på brutalt vis stogga studentprotestene på Den himmelske freds plass.

Høyr NRK-korrespondent Fritz Nilsen sin rapport frå Kina før studentprotestane vart stogga.

Mannen mot tanksane

Dei utanlandske journalistane og fotografane får ikkje lov å forlate hotellet.

Frå hotellbalkongen ser Franklin tanksane rulla ut på Den himmelske freds plass. Ein mann med to bæreposar går ut framføre dei.

Fotografen ser gjennom ei lang telelinse for verda og ettertida. Biletet vart ikonisk.

– Min fyrste tanke var at eg var for langt vekke. Alt eg hadde lært var at bilete langt vekke ikkje var noko bra, fortel Franklin på telefon frå London.

Likevel vart han løna med World Press Photo Award for nettopp dette biletet.

Men briten var ikkje den einaste som fanga hendinga, som har vorte eit symbol det kinesiske militæret sin brutale massakre av studentdemonstrantane i Kina.

Fire ulike versjonar av biletet er kjent. Charlie Cole, stod på same balkong som Franklin. Jeff Widener fanga biletet for Associated og Reuters-fotografen Arthur Tsang Hin knipsa biletet nokre sekund før dei andre. Sjølv seier Franklin at han ikkje føler heilt eigarskap til biletet, det vart ålmenta sitt.

– Biletet vart ein slags suvenir over hendinga.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Saka fortset under biletet:

Same motiv fotografert av Jeff Widener for Associated Press. Wikimedia Commons

Ukjend skjebne

Pressefotografane såg mannen verte eskortert vekk frå plassen av nokre andre sivile og det er ikkje kjent kva som skjedde med han etter det.

Fleire rykte har versert, men Franklin trur ikkje nødvendigvis at nokre av dei er sanne. Truleg vil me aldri få vete kva som skjedde med tank man, som den einslege protestanten framføre dei digre tanksane vert kalla.

Franklin sine bilete vart smugla ut i ein tepose av ein fransk student, slik at verda kunne sjå kva som skjedde i det lukka Kina.

Den verdskjende fotografen trur at bilete har stor tyding for kva med hugsar. Ein annan massakre av protesterande studentar i Mexico City i 1968, finnes det ingen bilete av. Den var kanskje var like fæl, eller verre.

– Me hadde bilete før språk. Folk forstår og responderer naturleg på bilete. Bilete er utruleg mektige.

LES OGSÅ: Norske foto i verdstoppen

Henta av Høgskulen i Volda

Nyleg gav briten ut fotoboka Narcissus og haldt ei utstilling med desse bileta i Fotografiens Hus i Oslo. Det er motiv frå norsk natur presentert på meir kunstnarisk vis. Med hytte på Nordmøre og ny jobb i Noreg vert det nok enda meir tid her framover.

Pressefotografen er nemleg aktuell som lærar ved det nye halvtårsstudiumet i dokumentarfoto som startar ved Høgskulen i Volda denne månaden. Studiet har plass til 25 elevar og påmeldingsfristen er utvida heilt fram til oppstart den 20. januar.

Emneansvarleg Gaute Hareide er svært nøgd med å få tak i ein førelesar og rettleiar av eit slikt kaliber.

– Med digitaliseringa av fotografiet kan mange ta teknisk gode bilete, men evna til å fange augeblinken og fortelje gode historier er ikkje vorte digitalisert, seier Hareide, som har merka behovet for eit vidaregåande kurs i foto ved skulen.

Franklin trekk òg fram det narrative som noko av det viktigaste med dokumentarfoto. Det er det som skil ein dokumentarfotograf frå amatørane som knipsar bilete av bølgjer eller fuglar i hagen. Hemmelegheita ligg i å strukturera bileta frå hagen i ei historie.

Han samanliknar si rolle med ein musikklærar, der eleven får hjelp til og finne stemma si for å uttrykke sin eigen lidenskap.

LES OGSÅ: Ny master i dokumentar

Saka fortset under biletet:

Ein sultestreikande student på Den himmelske freds plass 26. mai 1989. Fotografen meiner dette biletet skildrar hendingane betre. Foto: Stuart Franklin/ Magnum Photos

Belyse kvardagen

Så kva er eigentleg eit godt dokumetarisk bilete?

Den amerikanske fotojournalisten Eugene Smith (1918-1978) sa at det skal bidra til større bevisstheit. Skotten John Grierson (1898-1972), ein av pionerande innan dokumentarfilm, sa om sjangeren at det skulle bidra til å belyse kvardagslivet til vanlege folk. Nett der finn ein forskjellen mellom dokumentar og nyheiter, forklarar Franklin.

Men biletet han tok av tank man vart i høgste grad nyheiter. Dokumentarfotografen minner om at bileta som vert nyheiter, ofte skildrar kvardagen for nokre.

Sjølv trur briten at tv-bileta som vart sendt på BBC, og effekten det hadde på folk, i stor grad har bidrege til å gjere biletet frå Den himmelske freds plass så viktig for ettertida.

Sjølv tykkjer han ikkje at det er dette biletet som skildra hendingane best. Då dreg han heller fram biletet av ein mann med hendene løfta over hovudet.

Dagen derpå for massakren kom Franklin seg omsider ut av hotellet og til sjukehuset for å finne dei såra studentane. Dei låg i gongane. Det gjorde inntrykk. Dei daude vart gøymt bort.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

– Kan ikkje vere blind

Ein kvardag som internasjonal pressefotograf i kriseområde er ikkje fritt for sterke inntrykk.

57-åringen fortel om då han nyleg var på grensa til Syria for å følgje legane der sitt arbeid. Den meiningslause krigen og pinslene det påførte folk gjorde inntrykk. Legane kunne fortelje om pasientar som ikkje ein gong skrik. Dei er heilt nomne etter alt dei har sett og opplevd.

Posttraumatisk stress er heller ikkje eit ukjend fenomen mellom krigsreporterar og pressefotografar.

– Min måte å behandle intrykka på er ved å få historia ut til folk, forklarar Franklin, og legg til:

– Ein kan ikkje vere blind for det som skjer ute i verda.

Og det har gong på gong vist seg at med ei linse kan ein sjå for millionar av menneske og hugse for ettertida.

Jordan 2013: Dr Ben Gupta hjelper pasientar ved Al Ramtha sjukehuset. Ein av dei er Malik (15) som missa eit bein i ein eksplosjon. Her speler han sjakk med legen. Foto: Stuart Franklin/Sunday Times

Faktaboks

Stuart Franklin (fødd 1956)

• Pressefotograf i Magnum Photos (direktør frå 2006-2009)

• Studerte fotografi ved West Surrey College of Art and Design

• Har ein doktorgrad i geografi frå Oxford

• Har hatt over 20 reportasjar i National Geographic

Kjelde: National Geographic, Magnum Photos