Hiss! Hiss!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Hiss! Hiss!

Eg har blitt opplært til å vise forståing. Det har ikkje vore så mykje til hjelp, naturligvis. Men det hender at eg husker kva eg blei opplært til, og får det for meg at eg skal prøve å forstå folk. Det kan faktisk vere både ganske artig og rett så fint. Eg kan anbefale det.

Dette har vore ei veke då fleire politiske parti har vore fornøgde med å få minne folk om kven dei eigentlig er, om ein ser vekk frå alle kompromissa og alt maset om kven som kanskje skal regjere med kven og kven som ikkje burde regjering med kven. Senterpartiet har fått lov til å minne om at dei ikkje liker ulv. Og Frp har fått lov til å minne om at dei ikkje liker at allslags folk og organisasjonar får offentlig støtte. Viss KrF i tillegg hadde minna om at dei synest folk bør gifte seg og SV hadde minna om at dei er skeptiske til krig og urettferdigheit, så hadde dette nesten vore som i gode gamle dagar.

Den kanskje friskaste fråsegna var det Frp som kom med. Dei har antyda at dei vil vurdere å kutte statlig støtte til frivillige organisasjonar med politiske politiske meiningar. Først sa Per Sandberg at organisasjonane bør vere «nøytrale». Så modererte han seg, eller noko, og sa at det han er kritisk til er «meiningsberande organisasjonar» som nærmast er haleheng til politiske parti. Ein av grunnane til at dette kom opp, er at Antirasistisk Senter har skrive ein plass at Frp ein gong for lenge sidan skal ha fått pengar frå apartheid-regimet i Sør-Afrika.

Dette har, forutseielig nok, mange meint noko om. Og det kunne sikkert eg også klart om eg gjekk inn for det. Men eg er altså opplært til å vise forståing. Derfor har eg i staden prøvd å forstå kvifor Frp sa dette. Eg har funne fleire mulige forklaringar:

 

Dei meiner det. Dette er nok ofte grunnen til at politikarar seier ting. Oftare enn vi trur, sannsynligvis.

Dei synest det har vore altfor lite merksemd rundt partiets påståtte støtte frå apartheid-regimet i Sør-Afrika. Dette er ikkje ei like sannsynlig forklaring.

Dei kjeda seg. Noko ein ikkje skal undervurdere som motivasjonsfaktor. Det kjem mange gode idear når folk kjedar seg. Ein kjedelig tirsdagskveld i vidaregåande-tida fekk for eksempel ein kompis av meg ideen å køyre frå Sunnmøre til Oslo og tilbake berre for å sjå om han rakk det før første time dagen etter.

Nokon kom på Frp-kontoret ein dag og sa: «Er det ikkje lenge sidan Per har vore i Dagsnytt atten no?» Nokon svarte: «Nei». Og så lo dei godt.

Det var eit veddemål på kontoret. Dei vedda på kor mange sekund det ville gå frå utspelet kom til dettdebattane handla om kven som er verst av dei gamle apartheid-vennene på høgresida og dei gamle Pol Pot-vennene på venstresida.

Siv Jensen var med i «4 stjerners middag» denne veka. Der både smilte og fiska ho. Nokon var engstelige for at partiet skulle framstå som for hyggelig.

Dei visste at SV-arar og den slags kom til å bli sinte. Dei blir lett det. Og dei er ikkje søte når dei er sinte. Dei er ofte ganske moralske. Og då er det på sin plass om å minne om at SV heller ikkje akkurat har vore framande for å favorisere vennene sine når det skal delast ut statsstøtte.

Noko må ein finne på for å få tida til å gå fram til neste delfinale i Melodi Grand Prix.

Det pågår ein konkurranse mellom dei politiske partia om kven som får flest kommentarar på nettet etter utspela sine. Frp vann denne veka fordi dei klarte å kombinere alt som hissar opp folk på nettet i ei og same sak: Skattebetalarane sine pengar, rasisme, innvandring, Frp, påstått skitkasting, kontakt med totalitære regime for ganske lenge sidan.

Høgre fekk 40 prosent oppslutning på ei meiningsmåling her ein dag. Om ikkje nokon andre kjem på banen og viser kven dei er snart, så kan det hende Høgre får alle stemmene i september.

Ingenting samlar meir støtte enn at alle som trur dei er noko er imot deg. Derfor bestemte Frp seg for å meine noko som det var ganske enkelt å gjette at alle kommentatorar og leiarskribentar og politiske motstandarar ville reagere mot med patos, spydigheiter og/eller hyppig bruk av ordet «korrektiv».

Det verka som om folk på Twitter mangla noko å hisse seg opp over. 

 

Stod først på trykk i Aftenposten 26. januar.

Her finn du fleire Are Kalvø-tekstar!