Himmel og helvete på Det norske

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig kost til teateret

Nynorskteatret skal neste år feire hundreårsjubileet sitt.

– Jubileet fargar mykje av det vi gjer, men det er sjølvsagt ikkje slik at kvar framsyning er knytt til at vi jubilerer, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Han presenterte tysdag repertoaret for 2013. Jubileumsåret kan by på 30 titlar, nokre av dei er førestellingar som blir overførte frå i år, men dei fleste er premierar.

– Det er viktig at vi har ein høg produksjon. Det gjer at vi tørr å ta fleire sjansar, for då må ikkje alt lykkast, seier teatersjefen til NTB.

Maratonframsyning
Storsatsinga i jubileumsåret er maratonframsyninga om Bibelen.

– Her får vi vise kva huset kan by på av det storslegne og visuelle, seier Ulfsby.

LES OGSÅ: Bibel-Behn på nynorsk

Stein Winge har regien på den seks timar lange framsyninga, som har urpremiere på hovudscenen 1. februar. Bjørn Sundquist spelar Gud. Sundquist debuterer elles som regissør neste år. Han set opp «Vente på Godot» neste haust.

– Steget frå Gud til regissør er jo ikkje så langt, seier Ulfsby.

«Vente på Godot» skal først ut på turné med Riksteatret, før ho blir sett opp på Scene 3 i januar 2014. Riksteatret er samarbeidsteater i jubileumsåret, og dei to teatra samarbeider også om «Blackbird» og ønskereprisen i jubileumsåret, «Bikubesong» av Frode Grytten. «Bikubesong» gjekk for fulle hus på Scene 2 for ti år sidan, og skal no pussast støv av og visast på nytt på Scene 2 før ho blir sendt ut på vegen med Riksteatret.

Sjå video under av Sundquist i rolla som Gud:

Trilogi
Ein annan norsk forfattar som har hatt stor suksess med forteljingane sine på Det Norske Teatret, er Olaug Nilssen. På oppdrag frå Erik Ulfsby har ho no skrive eit nytt teaterstykke, «Stort og stygt», som får urpremiere på Scene 2 i mars. Som i «Få meg på for faen» og «Vi har så korte armar», som begge er vist på Det Norske Teatret, er det Marit Moum Aune som har regien.

LES OGSÅ: Dramatisk læring

– «Stort og stygt» blir siste del i ein trilogi. Det begynte med pubertetshistoria «Få meg på for faen», så om studentliv og etablering i vaksenverda i «Vi har så korte armar». No går vi inn i kjernefamilien, seier Aune.

Stykket handlar om to par som bur vegg i vegg.

– Det eine paret har eit barn ingen skjønar seg på, det andre ventar barn og trur alt skal gå etter boka, seier Aune.

Ho seier at som i alle stykka til Olaug Nilssen er det veldig mykje humor, men det er også beksvart.

– Olaug har ei usvikeleg tru på at folk gjer så godt dei kan, og slik er det vel også, vi prøvar så godt vi kan i liva våre, seier Marit Moum Aune til NTB.

LES OGSÅ: Noregspremiere for ny teatersjanger

Kraftig kost
Første stykke med noregspremiere på Det Norske Teatret neste år blir «Antichrist» av danske Lars von Trier, som skal visast på Scene 2. Då filmen med same namn hadde premiere i Cannes i 2009 møtte han kraftige reaksjonar, fleire gjekk i vemjing.

– Lars von Trier ein av dei store kunstnarane i vår tid. Teaterversjonen blir meir poetisk og mytisk enn filmen var, men det er framleis kraftig kost, seier Ulfsby.

Hovudrollene blir spelt av Ane Dahl Torp og Sigurd Myhre.

Ane Dahl Torp skal i vår også vere med i «Over open avgrunn», som byggjer på dramatiske tekstar av Tarjei Vesaas. Urpremieren er 14. mars på den minste scena på teatret, Scene 3.

(held fram under bildet)

Maria Parr-boka Tonje Glimmerdal går til scenen. Foto: Samlaget

Barn og unge
Ei storsatsing for barn neste år er dramatiseringa av «Tonje Glimmerdal», den prislønte og kritikarroste barneboka til Maria Parr. Tonje inntek hovudscena 2. oktober i regi av Ivar Tindberg.

LES OGSÅ: Korleis vart du, du, Maria Parr?

På hovudscena blir det neste haust også endeleg premiere på musikalen «Shockheaded Peter», der teatersjefen sjølv har regien. Noregspremieren blei avlyst for to år sidan. Teatret meinte at det var upassande å sette opp stykket så kort tid etter terrorhandlingane 22. juli. Stykket er basert på ei tysk barnebok og fortel om kor gale det kan gå når ufyselege barn ikkje høyrer på dei vaksne. Hovudrollene blir spelt av Espen Beranek Holm og Vidar Magnussen.

Sjølve hundreårsdagen for den første framsyninga til Det Norske Teatret i Oslo er søndag 6. oktober. Då blir det stor bursdagsfest med blant anna ope hus. (©NPK)

LES OGSÅ: Bak sceneteppet: – Eitt minutt for å få dei på ditt lag

Faktaboks

Fakta om repertoaret til Det Norske Teatret i 2013

* «Blackbird» av David Harrower, spelast på Scene 3 frå 9. januar. Er i haust ute på turné med Riksteatret.
* «Antichrist» av Lars von Trier, noregspremiere 25. januar på Scene 2.
* «Bibelen», tekster frå Bibelen og fleire forfattarar, urpremiere 1. februar på hovudscenen.
* «Eg», ein samproduksjon mellom Toneelmakerij, Amsterdam og Det Norske Teatret. Urpremiere 23. februar på Scene 3.
* «Stort og stygt» av Olaug Nilssen, urpremiere 1. mars på Scene 2.
* «Fossegrimen» av Sigurd Eldegard, musikk Magnus Stinnerbom, i samarbeid med Frikar Dance Company, premiere 8. mars på hovudscenen.
* «Over open avgrunn», korte dramatiske tekster av Tarjei Vesaas, urpremiere 14. mars på Scene 3.
* «Bikubesong» av Frode Grytten, nypremiere 12. april på Scene 2. Samarbeid med Riksteatret.
* «The Danny Crowe Show» av David Farr, premiere 30. mai på Scene 3.

Hausten:
* «Høgt oppe i fjellet», premiere i foajeen til Det Norske Teatret i august.
* «Shockheaded Peter» av Julian Crouch og Phelim McDermott, noregspremiere 30. august på hovudscena.
* «Mein Kampf» av George Tabori, premiere 6. september på Scene 2.
* «Det normale liv» av Christian Lollike, premiere 12. september på Scene 3.
* «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr i ei dramatisering av Ivar Tindberg, urpremiere 2. oktober på hovudscena.
* «Ein god dag kjem aldri for tidleg!», urpremiere 10. oktober på Scene 3. Samproduksjon med Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater.
* «Faust» av Johann Wolfgang von Goethe i ein versjon av Jon Fosse, premiere 18. oktober på Scene 2.
* «Fem årstider» av Maria Tryti Vennerød, urpremiere 21. november på Scene 3.
* «Rytmar frå verdsrommet» av Peter Skaare Baden og Erland Dahlen, premiere på Scene 2 i november.
* «Vente på Godot» av Samuel Beckett. Skal ut på turné med Riksteatret i haust, med premiere i oktober. Spelast på Scene 3 frå januar 2014.