≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Livet

Her viser dei i praksis kva mot er for noko

Markerte MOT-dagen med konsert.

Halvor Farsund Storvik, Porten.no
søndag 27. november 2016 09.04

Her viser dei i praksis kva mot er for noko HEFTIGE RYTMAR: På scena på Kvåle skule fekk vi sjå eit breitt spekter av innslag, frå dans og sang, til filmframsyning og taekwondo-show.

Saka vart først publisert på Porten.no.

Sogndal: Framfor ein stappfull sal av foreldre og slekt fekk elevane teste kor mykje dei tør å by på seg sjølve.

Thale Marie Hartvigsen Flugheim var med i trioen som framførte vinnarmelodien frå årets Melodi Grand Prix Junior.

– Eg blei glad og litt nervøs, seier ho om kjensla då ho såg kor mykje publikum det var i salen.

MODIG GJENG: Denne gjengen har ein liten pause før dei snart skal på scena igjen. Frå venstre: Isabel, Martine, Anna Sunneva, Thale Marie, Ingeborg, Emma og Kristin.

Du kan klare deg utan å vere modig
Når vi spør om ho sjølv er modig, kjem svaret nesten før spørsmålet er ferdig formulert.

– Ja!

– På kva måte?

– Eg er modig når eg må stå framfor mange folk og så kan eg hoppe frå høge høgder i bassenget. Eg trur det er alt, seier år.

Les også: Sjå bileta frå danseshowet

Emma Ylvisåker Heggestad har drive med Taekwondo i fem år. På scena viste ho og resten av utøvarane tøffe triks og imponerande kroppskontroll. Ho meiner du ikkje treng å vere spesielt modig for å drive med sporten.

– Du kan vere så modig som du vil. Du blir det uansett viss du går på det, seier ho.

Får mot til å by på seg sjølve
Marie Fimreite og Anne Marte Kvale i MOT vart imponerte av det dei såg. 

– Eg har vore lærar her i fem år og i dag ser eg folk på scena eg ikkje visste kunne synga ein gong. Så mestrar dei det så sinnsjukt. Eg kjenner eg blir skikkeleg rørt og stolt, seier Fimreite.

IMPONERTE Marie Fimreite og Anne Marte Kvale i MOT følgte konserten og vart imponerte over det dei fekk sjå.

For dei er det viktigaste elevane kan lære er å ha mot til å vere seg sjølv, mot til å bry seg om andre, mot til å by på seg sjølv og glede andre.

Slik sett passar ein konsert dei fleste kriteriane på lista

– Tenk om alle dagar kunne vere som i dag. Det er ei påminning om å sjå dei rundt deg og gjere dei små tinga i kvardagen. For det er dei som gler mest, seier Kvale.

HEFTIGE RYTMAR: På scena på Kvåle skule fekk vi sjå eit breitt spekter av innslag, frå dans og sang, til filmframsyning og taekwondo-show.


Oppdatert: søndag 27. november 2016 09.30
Kommentarar



 
ANNONSE: