Her har skattane auka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her har skattane auka, Jens

– Eg kjem ikkje til å heva skattenivået i Noreg som statsminister, sa Jens Stoltenberg til VG torsdag.

Stoltenberg tok med dette til orde for å freda det såkalla 2004-nivået på skatt òg i ein tredje stortingsperiode – 2013 og fram til 2017.

Men tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at kommunane samla har dobla inntektene frå eigedomsskatten sidan 2004.

I 2010 drog dei inn kring 7,1 milliardar kroner på eigedomsskatt, medan talet i 2004 var på 3,5 milliardar kroner.

Frå 2004 til 2010 er det over 30 fleire kommunar som har sett seg nøydd til å innføra eigedomsskatt, og fleire kommunar har auka satsen for å finansiera skular, sykkelvegar og symjebasseng.

– Kommunalt ansvar
– Eigedomsskatt er framleis kommunal, skriv politisk rådgjevar ved Statsministerens Kontor, Sindre Kåre Fossum Beyer i ein sms til Framtida.no.

– Men alt heng vel saman med alt, som Gro sa?

– Det ser ut til at du må venda deg til Finansdepartementet, skriv han til svar.

KOMMENTAR: Ja til Robin Hood-skatt!

Kommunikasjonsavdelinga i Finansdepartementet viser til at Skatteløftet utelukkar eigedomsskatten som er ”ein frivillig, kommunal skatt”, og viser vidare til kommunane.

– Ikkje for moro
– Forventningane som innbyggjarane har til velferdstilbodet aukar. Fleire kommunar har dermed sett seg nøydde til å innføra eigedomsskatt. Det er klart at det er ingen som innfører eigedomsskatt fordi dei synest det er moro, understrekar Helge Eide, direktør for interessepolitikk ved Kommunenes Sentralforbud – interesseorganisasjonen for alle kommunane i landet.

Han understrekar at dei frie inntektene til kommunane ikkje har auka mykje i perioden.

– Mykje av veksten i kommunane kjem frå satsingar som barnehagereforma, seier han.

Målt som del av dei samla bruttoinntektene til kommunane utgjorde eigedomsskatten 2,3 prosent i 2010, mot 1,8 prosent i 2004.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høgare skattar

Ventar til 2013
Leiar i AUF, Eskil Pedersen, står fast på det han sa til Framtida.no i januar, om at Noreg treng høge skattar for å finansiera velferden. Men nokon debatt på landsmøtet no i helga blir det ikkje:

– Me tek debatten på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2013, skriv han i ein sms til Framtida.no.

Kva meiner du? Er det på tide med høgare skattar for å få meir velferd i Noreg?