Her er søndagstur mest populært

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folk i distrikta går oftare på søndagstur enn dei som bur i Oslo og andre store byar, ifølgje undersøking.
 
På landsbasis viser undersøkinga YouGov har gjort for Statskog at 37 prosent sjeldan eller aldri går helgetur i skog og mark. Påstanden om at alle nordmenn går søndagstur er altså klart tilbakevist.
 
Men det er store forskjellar mellom by og land, og mellom landsdelane. I Oslo-området er det berre åtte prosent som går tur kvar helg, medan heile 19 prosent på Sørlandet og 17 prosent på Vestlandet gjer det
same.
 
Det er som venta pensjonistar og aktive vaksne utan barn som går mest tur. (©NPK)