Her er første app’en frå Samlaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Og korleis i all verda skal Jakob få Neikob lurt med på biltur når han alltid seier NEI?

Appen er interaktiv og perfekt for ungar frå 3 år, ifølgje forlaget.

Du kan slå av og på lyset, høyre Jakob seie JA! og Neikob seie NEI!, og følgje dei to venene når dei køyrer bil og møter alt frå lampeseljarar til ein skummel krokodille.

Appen har òg eit Memory-spel.

Sjå Aslak på 2 år presentere appen her:

Kva norske app'ar vil du tilrå andre?

Faktaboks

Om Kari Stai:
f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar.
Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken. I år er ho aktuell med peikebokserien Mopp og Mikko.
Stai er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har også studert ved Oslo Tegne- og Maleskole og Høgskolen i Telemark.