Her er dei nominerte til Folkelarmprisen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nominert til Folkelarmpris

Jurymedlemmene Tellef Kvifte, Asgaut Bakken, Sinikka Langeland og Frank Henrik Rolland har lytta seg igjennom nærmare 40 plater, og i fellesskap kome fram til dei 12 nominerte platene. Utgjevingane er fordelt på kategoriane dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse.

– Blant dei nominerte til årets Folkelarmpris er både debutantar så vel som eldre ringrevar. Det er eit godt teikn, seier prosjektleiar for Folkelarm Sigurd Reinton.

På lista over dei nominerte er mellom andre trioen Blått Gådn frå Valdres, som i sommar gav ut si første plate. Denne bar same namn som trioen og hanka inn fleire høge terningkast. Også tidlegare Folkelarm-vinnar Unni Boksasp Ensemble og dei tidlegare spellemannsprisvinnarne Gjermund Larsen Trio og Olav Luksengård Mjelva er blant dei nominerte.

I tillegg til plateprisane skal også årets folkemusikar kårast, ein prestisjefylt pris som tidlegare er vunne av blant andre Sigrid Moldestad, Hallgrim Hansegård, Valkyrien Allstars og Gabriel Fliflet.

Bransjetreffet Folkelarm byr på nordisk folke- og verdsmusikk og i år går det sjuande treffet i rekkja føre seg på Riksscenen i Oslo frå 25. til 29. september.

Nominerte til Folkelarmprisen 2013

SOLO:
– Tron Steffen Westberg – Gammalpols (Ta:lik)

– Hauk Buen – Hauk Buen 80 År – Tjugedalaren: Myllarsåttar 1933– 2013 (Sylvartun Folkemusikk)

– Linda Gytri – Umbra (Lærdal Musikkproduksjon)

TRADISJONELT SAMSPEL:
– Jorun Marie Kvernberg / Øyvind Sandum – Tidens løsen (Ta:lik)

– Brødrene Sandum – Møyllmål (Ta:lik)

– Rydvall/Mjelva – Isbrytaren (Grappa)

OPEN KLASSE:
– Gjermund Trio Larsen – Reise (Grappa)

– Unni Boksasp Ensemble – Kvite fuglar (UBE)

– Blått gådn – Blått gådn (Ta:lik)

DOKUMENTASJON:
– Sandén-Warg/Berglund/Rydberg /Lund/Gorse – Schodsbergs notebok (Ta:lik)

– Polka med støyt – Valsaspel frå Hardanger (Kvarts)

– Div art / Brimi,Hans W. – W – Musikk av Hans W Brimi (Grappa / Heilo)