Her er dei beste bygdekinoane i landet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bransjeorganisasjonen Film & Kino har kåra spelestadene på naboøyane Dønna og Herøy på Helgeland til Årets bygdekino.

LES OGSÅ: Vil ha meir realistisk sex

Film & Kino, som driv Bygdekinoen, meiner dei to lokalsamfunna har gjort ein særs god jobb med kinotilbodet det siste året.

– Vi har merkt oss at både Herøy og Dønna har hatt godt besøk, sjølv om dei gode bygdekinofilmane har mangla no det siste halvåret, seier leiar Arnfinn Inderhaug i Bygdekinoen.

Dei to øykommunane får diplom og 10.000 kroner kvar som dei skal bruket til filmfestivalbesøk.

LES OGSÅ: Går til krig mot fleirtalet