Her er blogg-råda til årets nynorskbrukar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er blogg- råda til årets nynorsk- brukar

Ho vart nett heidra som årets nynorskbrukar for bloggen sin, Den gode feen. Med innlegg om interiør og familieliv, er 3000 til 5000 lesarar innom kvar dag. Der kan dei lesa om pysjamasbukse, sydde elefantar og kanskje litt om Herr Fe.

Interiørblogg
Linda Sæbø byrja litt tilfeldig å kalle seg for Den Gode Feen på internett. Fyrst på handarbeidsforum og seinare i bloggen.

Bloggen kom til då Sæbø var i svangerskapspermisjon, hadde kjøpt ny symaskin og leitte etter ny inspirasjon.

– I verda av interiørbloggar verkar mykje perfekt, derfor er det viktig å ha med bilete av litt rot og nokre klesbunke og, seier Sæbø. Ho meiner det er med nett slike ting, at folk kjenner seg att og gjev dei beste attendemeldingane.

– Elles er nok før og etter bilete av det mest populære på slike interiørbloggar, fortel ho. Inspirasjonen kjem frå barndom, nostalgi eller vakre stoff.

Populær
Linda Sæbø meiner det er viktig å gje litt av seg sjølv, om ein skal skape ein god blogg. – Livet rundt er like viktig som tema, anten det handlar om interiør eller andre ting, seier ho.

For å etablere seg som fersk bloggar er råda frå Sæbø å kommentere på andre sine bloggar, og ikkje minst å svare på folk som kommenterer på eigen blogg.

– Mykje av suksessen handlar også om å ha fokus på gode bilete, og helst bør ein ta dei sjølv, seier ho.

Dilemma
– Eg vil jo ikkje verte nokon kjendis med denne blogginga, og eg har vore litt redd for å verte kjend att, fortel Linda Sæbø.

Noko av det viktigaste for henne er å verna ungane, noko som er spesielt viktig når det kjem til val av bilete.

– Elles kan det vera vanskeleg når det skjer dramatiske ting i livet, skal ein skrive om det eller skal ein late som ingenting, seier ho.

– Eg tener ikkje pengar på bloggen, for eg vil ikkje alliere meg med nokon og så har eg jo avgrensa tid til å administrera han, seier Sæbø. Når det handlar om dilemmaet med marknadsføring gjennom blogging.

Held på språket
Til dagleg er Linda Sæbø geolog i Statoil, der arbeidsspråket er engelsk. Likevel har ho alltid halde på nynorsken.

På bloggen har ho aldri fått negative attendemeldingar på språkvalet.

– Det er nok slik i interiørbloggverda at ein er veldig positiv til kvarandre, likar ein ikkje det ein les, då går ein berre vidare til neste blogg, seier Sæbø.

– Interiør- og livsstilsstoff har vore mangelvare på nynorsk. Nett fordi Linda Sæbø lyftar fram dette stoffet på ein naturleg måte får ho prisen, seier juryen i Nynorsk kultursentrum.

– Eg set pris på den skrivetreninga bloggen gjev meg. Eg har jo skrive om lag kvar einaste dag i åtte år, avsluttar Årets Nynorskbrukar 2011.

LAG EIN BLOGG DU ÒG!