Her er Amazon sin smarttelefon

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

The Verge var ei av fleire nettsider som presenterte Fire Phone i går, og har ein lengre test av telefonen her.

Telefonen, som skal komma den 25. juli, ligg stort sett på linje med dei andre toppmodellane på marknaden, med eit modifisert Android-system, 13 megapixel kamera og jamt over krefter til å utføra dei fleste oppgåver. Men Amazon leverer og nokre unike løysingar.

LES KOMMENTAREN:  Livet med dumtelefon

3D og tilting

Telefonen lener seg, ifølgje The Verge, tungt på funksjonar knytta til å tilta telefonen – altså å hella telefonen i ulike vinklar, for å utføra enkle oppgåver. Du kan blant anna bla nedover menyar på denne måten, men førsteinntrykket til The Verge heller mot at storparten av tilte-funksjonane virka unødige.

Ein anna funksjon heiter «Dynamic Perspective», og er kanskje like unødvendig. Men dette virkar i det minste ganske kult. Telefonen er bygd slik at nokre appar vil tilpassa seg utifrå korleis du ser på det – resultatet er at du kan sjå «rundt» nokre ting på skjermen, og du får ein tilnærma 3D-effekt. Er det mest ein gimmick?

LES OGSÅ: Ny app for mobilavhengige

Lett handel

Sidan produsenten av Fire Phone heiter Amazon, er det ikkje særleg overraskande at handel på nett via nettopp Amazon har blitt så enkelt som mogleg på denne telefonen. Som The Verge skriv sjølv: «There simply has never been a better device to help you indulge in impulse purchases — a prospect that has us both intrigued and terrified in equal parts.»

Det er umogleg å spå kor godt Fire Phone vil gjera det i ein marknad som allereie flyt over av smarttelefonar, men Amazon har lansert dingsar som har gjort det godt før – som boklesaren Kindle.