Heng etter med kvinner i Forsvaret

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heng etter med kvinner

Torsdag samla over 200 offiserar seg på årsmøtet til Nettverk for kvinneleg befal på Akershus festning i Oslo. Årets tema er korleis rekruttere og halde på kvinner i Forsvaret.

Til trass for at det er 30 år sidan Noreg innførte vernepliktsteneste for kvinner, er delen kvinner blant dei som avtener førstegongsteneste under 9 prosent. Til samanlikning har politiet ein kvinnedel på 40 prosent.

Løytnant Anita Ellingsen frå Sandnes trur ulikskapane kan forklarast med at politiet er meir synleg i samfunnet, slik at folk ser kva yrket inneber.

– Forsvarets mange moglegheiter er ikkje like kjent, vi kan tilby det meste, og mykje meir enn kamptrening, seier Ellingsen til NTB.

LES OGSÅ: Rekordmange kvinner til Forsvaret

Tvungen verneplikt
På seminaret i Oslo talte forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) torsdag:

– Delen kvinner som tenestegjer eller er tilsett i det norske forsvaret, plasserer oss statistisk sett i nedre halvdel, både i Europa og i Nato, slo ho fast.

Ho ønskjer debatten om kjønnsnøytral verneplikt velkomen. Kjønnsnøytral verneplikt inneber at også kvinner må avtene førstegongsteneste. Ho varslar at spørsmålet vil bli sentralt i den nye kompetansereforma for Forsvaret som blir lagt fram for Stortinget til våren. Både tidlegare forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) og generalinspektøren for Hæren (GIH), Per Sverre Opedal, gjorde det i fjor klart at dei vil ha tvungen verneplikt også for kvinner.

– Kor realistisk er det at dette skjer?

– Systemet må tilretteleggjast dersom det skal skje, sidan det blant anna inneber at dobbelt så mange kjem inn til teneste. Men at det vil skje på eit eller anna tidspunkt, ser eg som realistisk, seier Ellingsen, som til dagleg er stabsoffiser i Forsvarets personelltenester. Ho har også frivillig verv som leiar for Nettverk for Kvinneleg Befal (NvKB).

LES OGSÅ: Bloggar for å få fleire jenter inn i Forsvaret

Ein av fem kvinner
Målet til regjeringa er ein kvinnedel i Forsvaret på 20 prosent innan 2020. Til samanlikning har både politiet og Politihøgskolen i dag ein kvinnedel på 40 prosent. Ellingsen meiner mykje kjem av feiloppfatningane til folk. Sjølv hamna ho ganske tilfeldig i Forsvaret, og seier det tok tid før ho forsto at det var ein arbeidsplass for meir enn spesielt utvalde. Sjølv gjekk ho gjennom nålauget, tok befalsskulen, men det er mange andre moglegheiter.

– Det første folk spør om når dei høyrer kvar eg jobbar, er om det er tøft, hardt, stressande eller vanskeleg å jobbe i Forsvaret som kvinne. Då svarer eg at det er ein vanleg arbeidsplass.

Når det gjeld førstegongstenesta og utfordringane i befalsskulen, ser ho på det som ei sunn erfaring:

– Du lærer deg sjølv å kjenne, og for min del har karrieren vore ein opptur sidan. (©NPK)

Kva meiner du skal til for å få fleire kvinner i Forsvaret?