Hemnporno-offeret Emma Holten: – Eg blei feminist av det som hende

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho blei utsett for hemnporno

Denne veka var Emma Holten (25) i Noreg og heldt føredrag på Bergen Offentlige Bibliotek. Ho hadde med seg ein viktig beskjed: – Vi må snakke om kven som får lov til å vere subjekt, og kven som må vere objekt.

Holten blei meir eller mindre verdskjend då ho stod fram etter at intime bilete av henne blei spreidde på nettet mot hennar vilje. Snart fekk ho trakasserande meldingar, truslar og steinar gjennom vindauget som følgje av bileta ho i tiltru sende til kjærasten som 17-åring. To gongar møtte menn opp på døra hennar. Ho kunne gå på date og bli møtt med frasa: «Eg ville berre sjå korleis du såg ut i verkelegheita.»

Etter dette bestemte Holten seg for å publisere ein fotoserie av seg sjølv topplaus. No var det ho som tok kontrollen over eigen kropp, og denne gongen med samtykke.

– Det å vere eit objekt handlar om å vere tilgjengeleg for tilskodaren. Skjebnen din er bestemt at skal vere seksuell, og du har som objekt ingen mogelegheit til å seie noko anna. Som objekt mistar du retten til å vere eit subjekt, eit individ som handlar, innleier ho.

Les også om feminismedebatten mellom unge muslimske kvinner: – Kven avgjer at fridom er å ta av seg klede?

Samanlikna avisomtaler
Det å vere eit objekt meiner Holten til dømes kan vere i form av lettkledde kvinnekroppar i reklame.

– Slike bilete handlar om at tilskodaren skal få ei kjensle av begjær, ikkje om kven personen på biletet er.

Når det gjeld kven som får lov til å vere subjekt, viser Holten til skuleskytingar i USA.

– 97 prosent av skuleskytarar er menn, og 79 prosent av dei er kvite. I media skapar ein eit narrativ om at det er noko gale i livet til personen som gjer det. Er det mangel på økonomi, mangel på utdanning? Vi prøver å forstå dei, og vi skal gje ei forståing av kvifor desse gjer som dei gjer, seier ho, og fortset:

– Vi skal sjå dei som heile menneske, og det skapast ei forventning om å ha sympati med dei som hatar deg.

Ho viser fram nokre døme på avisoverskrifter som dekte skuleskytinga til høvesvis svarte og kvite menn. Dei mørkhuda får svært negativ omtale, medan dei kvite blir trekt fram som «intelligente», «skuleflinke» og liknande.

– I Danmark er talet på vald mot kvinner ekstremt høgt. Men folk vil liksom ikkje ta det inn over seg. Kvinner eller flyktningar som gjer noko gale, blir raskt generalisert til å gjelde alle kvinner og flyktningar, fordi dei får ikkje lov til vere subjekt. Historier som avkreftar det herskande narrativ, som Holten kallar gjeldande normer for, får ikkje eksistere, og blir gløymd.

Ho viser endå eit avisutsnitt. «He was no angel,» står det om politivoldofferet Michael Brown i New York Times.

– Objektivisering er også ei redusering av ein person.

Få også med deg intervjuet med feministrockarane i Razika: Me har framleis ein lang veg å gå

– Det gjorde meg til feminist
Hemnpornobileta, meiner Holten, passar inn i det herskande narrativ om at kvinner blir skamfulle av å bli eksponert seksuelt.

– Det handlar om å tape kontroll. Skam er ein ganske gamaldags ting, og knyter seg ofte til hendingar og tilstandar som inneber kontrolltap – til dømes overgrep eller psykisk liding. Det handlar om å gjere folk brydde, og å ta kontrollen over nokon andre sin seksualitet.

Sjølv om Holten ikkje følte skam over å bli eksponert ufrivillig, eller følte at ho hadde gjort noko gale, trur ho at hemnpornoaktivistane meinte at ho skulle det.

– I deira narrativ burde eg skamme meg. Dei brukte mine bilete til å passe inn i sitt syn på kvinner, og fanga meg i ei objektivisering. Det var sjølvsagt ei ekstremt traumatisk oppleving, og det gjorde meg til feminist. Derfor starta eg prosjektet SAMTYKKE, og blei med å starta feministmagasinet Friktion.

Kvifor trur du mange meiner at hemnpornooffera har seg sjølv å takke?

– Unge jenter blir lært at dei må vere tilbakehaldne med å nyte sex. Den kvinnelege seksualiteten er framleis knytt til skam og ære, der mange meiner at kvinner bør bli straffa for sin seksualitet.  

Les også om nyvald senterungdomsleiar Ada Arnstad (24), som vil ta opp kampen mot hemnporno