Helsesøstrene meiner pengane ikkje kjem fram

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengar som skulle gå til skulehelsetenesta, blir i mange kommunar brukt til andre ting, meiner Landsgruppa av helsesøstrer.

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

157 fleire årsverk
Det har blitt fleire helsesøstrer her i landet etter at regjeringa sett av meir pengar til skulehelsetenesta. I fjor vart det 157 fleire årsverk, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Men det er likevel godt under kva ein skulle forvente, ifølgje Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leiar i Landsgruppa av helsesøstrer. Løyvinga på 180 millionar kroner skulle gi 280 ferske årsverk.

– Vi ser at det er ein auke i stillingar, det skulle vel berre mangle. Men det betyr likevel at ein ganske stor del av pengane ikkje kjem fram, seier Waldum-Grevbo. (©NPK)

LES OGSÅ: Halvparten gjekk til helsesøster