Heim til heimfylket

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først i Studvest

Ein sein bergenskveld tok ein studieven mot til seg, og lena seg over bordet: «Kan eg spørje deg om noko?» «Ja», sa eg. «Ikkje misforstå, det er ikkje meint som ei fornærming», la han til. Eg stålsette meg, og forsikra han om at eg ikkje skulle ta det ille opp.

«Vil du flytte heim til Sogn og Fjordane?»

I vinter kom den regjeringsbestilte rapporten frå Møreforsking som konkluderte med at Sogn og Fjordane ikkje har livets rett. Det er blitt vanskeleg å vere optimist: Ein tredjedel av den norske befolkninga bur i byane, og kun omlag 109 000 menneske bur i Sogn og Fjordane. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser større utflytting enn innflytting hos innbyggjarar i tjue- og trettiåra. Det er denne gruppa som får ungar, og det heile endar i ein ganske dyster spådom.

LES OGSÅ: Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane

Om Sogn og Fjordane er Titanic, er eg bandet som står på dekk og spelar medan skipet går ned. For på trass av statistikk, vil eg, og fleire av venene mine heim. Så eg lena meg over bordet og svara: «ja, på sikt har eg har lyst heim. Du vil vel heim til Oslo?»

Det ville han. Men han klarte ikkje å forstå kvifor eg skulle ha lyst til å flytte heim. Med mi utdanning og mine ambisjonar. Han hadde verkeleg ikkje trudd at eg ville tilbake. Han trudde ikkje eg passa inn heime.

Men det er der han tek feil. Det er ikkje slik at alle menneske med ambisjonar om ein spanande jobb må inn til byane. Og når eg no tenker over det igjen, er eg i ferd med å bryte mitt løfte om å ikkje ta det ille opp. For kvifor skulle eg ikkje ha lyst til å reise heim?

LES OGSÅ: Fylket som forundrar forskarane

I etterkant av Møreforsking sin dommedagsrapport rasa sinte Sogn- og fjordfolk i Bergens Tidene sin debattseksjon. Vi er ikkje i bakevja, vi er Trivselsfylket, for svingande! Vi har låg arbeidsløyse, vi har samhald, vi har natur og vi har innovasjon. Så det så.

Eg trur eg har fått ein kognitiv svikt av all fråflyttingsretorikken, eg har hamna i kronisk forsvarsposisjon. Og eg er ikkje den einaste. Trivselsfylket, Framtidsfylket, Sogn og Fjordane. Kjært barn har mange namn. Eventuelt tar usikkert barn seg mange namn i frykt for å forsvinne.

Vi må slutte å sjå oss sjølve som ein utkant, eg trur det er første steget mot å slutte å vere ein utkant. Om det er slik vi ser oss sjølve, korleis er det då mogleg for resten av landet å sjå oss som noko anna?

LES OGSÅ: Åpen invitasjon fra utkanten