Heilt Jussi for Bror

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Songaren, sist sett i «Da KORK kom til bygda» og på opninga av Nobel-utdelinga, siktar til det italienske språket – men kunne like gjerne snakka om korleis han blei Noregs nye operahåp i staden for jazzgitarist.

LES OGSÅ: Nynorsk storm i operaen

Draumeskifte
Tullesynginga og «veddemålet» med songlæraren enda i eit fullstendig skifte av musikkdraum då ho sa han burde byte ut gitaren med stemma og satse klassisk.

– Eg spelte «Smoke on the Water» på kassegitar med nylonstrengar som gutunge, før eg fekk ein Stratocaster til jul som 13-åring og blei Green Day-fan. Då ingen andre i bandet ville syngje, sa eg «då får eg gjere det sjølv». Eg visste eg kunne rope høgt, seier Tødenes med eit smil og hugsar godt når han «begynte å like desse greiene».

I dag får stemma hans plateselskapet Simax Classics til retorisk å spørje: «Når høyrde vi sist ein slik tenor?».

LES OGSÅ: – Gløymer at det er eg som har skrive det

– Kjempeglad i Jussi
For selskapet er klar med debutalbumet til tenortalentet, kalla «Remembering Jussi». Det var dei som ringde etter å ha høyrt Bror Magnus syngje «Lenskys Arie frå operaen Eugene Onegin» med Trondheim Symfoniorkester og ville gi ut plate med ungguten, sjølv om 21 år er svært tidleg i karrieren for ein songar.

– Eg er kjempeglad i Jussi Björling. Han er ein av dei få skandinavane som har gjort det stort som tenor. Er du frå Skandinavia, «må» du jo nesten syngje Grieg og eit skandinavisk repertoar. Operaariane på utgjevinga er også dei som Jussi gjorde til sitt varemerke, seier Tødenes om utvalet av songar.

Som inkluderer det passande unntaket «Arrivederci Roma».

LES OGSÅ: – Ordet «umogleg» finst ikkje på Eid

Til Roma
For til Roma reiste nemleg Bror Magnus i haust for å gå på prestisjeskulen Santa Cecilia-akademiet og samtidig vere elev hos Elizabeth Norberg-Schulz.

– Den vakraste, mest fantastiske byen i verda! seier han og seier at det å gå på Santa Cecilia, grunnlagd på 1500-talet, er ei sambandslinje til ein av dei store heltane hans.

– Beniamino Gigli har gått opp og ned dei same gangane. Det gir meg ei endå større drivkraft, eg er endå nærmare starten til det heile.

Møtet med Elizabeth Norberg-Schulz for første gong – då ho la hendene mot ribbeina hans og lærde han om pust, og posisjon på kjeve – var viktig.

– For meg gav det meining; å syngje handlar ikkje berre om talent, men om å bruke maskineriet, seier han om møtet.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke

– Beste valet i livet
– Autoriteten, innlevinga og pasjonen hennar var sterkt for meg. Ho høyrer til bel canto-tradisjonen, den italienske stilen som også Pavarotti og Caruso følgde. Å få henne som songlærar er det beste valet eg har gjort i mitt liv, seier Bror Magnus.

Overgangen frå å stå meir i bakgrunnen og spele gitar til å stå i front på scena blei stor.

– Eg visste ikkje noko om det å vere songar, eg berre hoppa på songarlivet. Då eg gjekk på NTNU, slo det meg at eg ikkje hadde mål og motivasjon for kva eg skulle gjere med songen. Alt kjendest så alvorleg, eg torde ikkje vere meg sjølv fordi eg måtte tenkje på så mykje anna enn musikken.

Men Bror Magnus Tødenes likar utfordringar. Han spelte inn ein demo. I kjølvatnet kom det songoppdrag – mange nok til at han begynte å like å stå på scena og fann sjølvtilliten som klassisk songar.

– Det er absolutt verdt det, møtet med publikum er ein «high», ler han.

LES OGSÅ: Vinjerock utseld på 10 sekund

Salzburg neste
Neste by ut no for Bror Magnus Tødenes blir Salzburg, heimen for ein av dei største, klassiske musikkfestivalane i verda. Dit reiser han sommaren 2015 for å vere der heile sommaren og ta del i Young Singers Project under Salzburg-festspela.

– Det er litt av eit nålauge. Endå eit nålauge, seier han om si til no siste utfordring.

Men han har aldri gløymt gitaren. Tvert om.

– Det eg lærde av å spele gitar, var uvurderleg.

LES OGSÅ: 6000 barn hylla fredsprisvinnarane