Heilskapelig i hundre

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Miljøsaka er eit grunnlag, eit utgangspunkt som handlar om å leggje rammene for samfunnsutviklinga på eit nivå som naturen tåler. Ut frå denne tanken veks ein heilheitleg politikk på alle områder, for me menneske er ein del av naturen og alt me gjer blir ein del av naturens krinsløp. Nedanfor kan du lese eksempel på korleis eit heilheitleg syn på menneskets plass i naturen leiar til ein politikk som er bra for både menneske og natur.

Me er opptatt av at næringslivet i Sunnhordland skal klare å omstille seg til mindre oljeavhengig verksemd så me kan sikre gode industrijobbar i framtida.

Det siste året har det oljerelaterte næringslivet motteke dårlege nyhende på rekke og rad. Rundt lunsjbordet diskuterar mange no kva framtida vil bringa. Det er ikkje mange år sida ekspertar meinte at oljenæringa ville vera essensiell inntektskjelde for Noreg dei neste 60 åra. No har ein byrja å nedjustera dette drastisk. Miljøpartiet Dei Grøne har lenge åtvara om at oljefesten ikkje vil vara evig, nykkelordet for framtida på Vestlandet er omstilling og grøn vekst.

Industrien i Sunnhordland har klart å omstilla seg før og me må vere klare til å gjere det igjen. Miljøpartiet meiner at kommunane i regionen må aktivt samarbeide og støtte næringslivet i denne omstillinga. Kommunane må vere ein pådrivar for innovative løysingar som mogleggjer berekraftig, miljøvennleg industri.  For ti år sidan var det beste ein kunne finna av elektriske bilar ein liten Smart-bil. No kan ein kjøra  i ein Tesla som akselerer frå 0 -100 på 3,2 sekunder. Dei store bilfabrikantane som før var einerådande jobbar no på spreng for å kunne måla seg med Tesla på kjørelengde, fart, komfort og liknande. Solfangarar og solceller var for ikkje lenge sida upraktiske, i dag finns det folk på Vestlandet som har brukt dei til å gjere huset til ein netto strømleverandør. Kvar er me om 10 år? Miljøpartiet Dei Grøne vil støtta næringslivet i å delta i denna utviklinga, ikkje bare er det fornuftig frå eit miljøperspektiv, men det er og det beste me kan gjere for industrien i Sunnhordlandskommunane. Framtida ligg i grøn vekst. Næringslivet lokalt må nytta sin kunnskap og kompetanse for å kjempa seg inn på nye marknader. Det arbeidet må starta no, for toget for å vera med på den grøne veksten går no. Det ville vore tragisk om Sunnhordland blei ståande igjen på perrongen.

For Noreg har det å finne olje vert som å vinne i lotto. Men om ein du kjenner vinn i lotto og så går han ut og kjøper nye lottokupongar for alle pengane, ville du syns han var smart? Me må heller ta lotto-gevinsten og investere han i ting som kommer til å vare og gi inntekt i lang tid framover. I Sunnhordland betyr det å investera  i moderne infrastruktur, auka energieffektivitet, nye energikjelder, lågutsleppstransport, utvikling av ny teknologi og kompetanse knyta til vedlikehald og bygging av desse nye løysningane. 

For 100 år sida var Noreg eit fattig land og det viktige for folk då var å gje barna sine eit betre liv materielt enn dei hadde hatt. I dag kan me sei at det har me som eit folk fått til, og no er det ein ny utfordring me må møte, å skapa eit samfunn som ikkje går på kostnad av naturen me lev av. Miljøpartiet Dei Grøne ser ei lys framtid om 100 år som er like annleis frå no som 1915 er frå i dag. Men korleis den framtida blir avheng av at me tar dei rette vala no medan vi kan. Me trur på ei grøn framtid der menneske lev som ein del av naturen og ikkje som ein øydeleggjar av ho. Om du syns det høyrast fjernt ut kan du tenke deg korleis det måtte høyrast ut for folk i 1915 om du hadde sag til dei då at folk i Noreg i 2015 ville vere bland dei rikaste i verda. Det har blitt sagt at politikk er å ville, og me i Miljøpartiet Dei Grøne vil meir enn å krangla om småplukk. Me har ein visjon for framtida og det me vil mest av alt er å byggje ho.

Men livet er ikkje berre jobb og næringsliv, sjølv om enkelte andre parti ser ut til å meine det. Det finns dei som tykkjer at me alle skal jobba på søndagen, og på andre fridagar og heilagdagar berre så staten kan dra inn meir skattepengar. Resultatet av slik kost-nytte tankegang om menneske har triste konsekvensar. Psykisk helseproblem, særlig blant unge har nå steget rett til værs. Meir enn 30 % av oss vil få en psykisk liding i løpet av livet ifølge forsking og faglitteratur. Miljøpartiet Dei Grøne ser at samfunnet må byggjast rundt heile menneske, ikkje bare kroner og øre. Det betyr at me i Sunnhordland må leggja til rette for endringar som kan gjere livet lettare, varmare og rikare for folk flest utan at det må bety auka forbruk.

Det kan me få til på fleire måtar. Frivillige organisasjonar og eldsjeler er den beste ressursen me har i samfunnet, og Miljøpartiet Dei Grøne vil støtta dei som bidrar til å skape aktivitetar og arenaer for auka livskvalitet. Å gjere det mogleg for fleire å oppleva naturen er óg eit mål for naturen er ein helseressurs i seg sjølv. Den beste kuren for ein dårleg dag er å gå ein tur i det fri, naturopplevingar gjer noko med perspektivet. Gjennom å tilrettelegga for organisasjonar som arrangerer aktivitetar der me bruker naturen, opplever me den enorme eigenverdien i naturen og vil i større grad ønske å ivareta den.

Førebygging blant dei unge er spesielt viktig og dei har utfordringar som me må møta med gode strukturar i skulen. Herfrå kommer tanken om meir personell i skolen som kombinerer rollar, for eksempel vaktmeister og sosialarbeidar. Mykje skolepersonell som jobbar fast på sin skule har i dag allereie ein slik uformell funksjon, dei ser ting som andre kanskje ikkje ser, dei hjelp borna, snakkar med dei og iretteset dei når dei ikkje er greie. Skulane treng óg meir enn nye stillingar, lærarane treng vår støtte og tillit, ikkje pålagd byråkrati og mistillit. Fagfolka i skulane har enorm kompetanse og tilpassingsevne og derfor bør kommunane la ver å påleggja dei ting og heller støtta dei til å utvikle eigne idéar og prosjekt. Eit eksempel på ein slik idé som me vil støtta er skolehagar. Miljøarbeid og uteaktivitetar er den beste måten å lære om verda rundt oss og den beste innleiaren til realfaga. Samfunnsutviklinga går i retninga at fleire og fleire unge opplev verda gjennom ein skjerm. Me tykkjer at neste generasjon må få oppleve å sjå og sanse når det spirer og gror. Ungdommen må få oppleve naturen og læra om han der.

Ikkje berre på skulane men og i offentlege rom treng me grøne opplevingar. Kommunane må laga fleire parkar og grøntområde kor man kan arrangere lokale torgdagar og der en kan møte andre menneske. I stor grad kan slike område brukast til å fremje lokale matprodusentar, kortreist mat, økologisk mat, nisjebutikkar, gjenbruks- og bytteplassar. Det er så mykje me kan gjer for å skapa liv i bygdene og byane me bur i, om me tenkjer menneske og natur først. Lokale møteplassar, betre forholda for frivillige organisasjonar, verne strandsona og sikre tilgang for alle er bare nokon enkle grep som vil ha stor betydning for vitaliteten i regionen. Me ønskjer et inkluderande og varmt samfunn som har eit fundament i ei bærekraftig utvikling som betyr at me ikkje øydelegger livsgrunnlaget vårt. Me setter de grøne prinsipp i sentrum, det betyr å vise solidaritet med andre menneske, med dyr og natur. Derfor røystar me grønt, kva vil du røyste for?