Heidrar Aasen med klokkespel

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen har reagert negativt, forsikrar formannskapssekretær i Bærum, Randi Lie til Budstikka.no.

Ho er den som har ansvaret for klokkisten og klokkene i Bærum rådhus, som frå 14.oktober heilt fram til advent speler Aasen-tonar for å feire hans 200-årsjubileum.

LES OGSÅ: Flagg for Ivar Aasen!

Språkmann og komponist
Det er klokkist Vegar Sandholt som har vald ut songane. Dagen startar med «Mellom bakkar og berg». Etterpå kjem Sandholt sin personlege favoritt mellom språkmannen sine songar: «Dei gamle fjell i syningom», som Aasen sjølv sette melodien til.

– Han var mest kjend som språkmann og for tekstane sine. Få veit at han òg komponerte denne melodien sjølv. Melodien er ein flott del av norsk historie. Eg hugsar han godt frå min eigen barndom, fortel Sandholt til Budstikka.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

– Prøver å vera aktuell
Utover ettermiddagen ljomar «Dei vil alltid klaga og kyta», «Gamle grendi», og «Til lags åt alle kan ingen gjera».

Kvar laurdag er det klokkekonsert og klokka 12 speler Sandholdt sjølv på klokkene i rådhustårnet. For å kommunisere med publikum nyttar han Facebook-sida «Klokkespillet i Bærum rådhus».

Bærum er ein kommune der det er tradisjon for å vere kritiske til sidemålsopplæring – i dette tilfellet nynorsk – i skulen. Det hindrar ikkje kommunen i å feire med klokkespel.

– Når dei feirar 200-årsjubileum for Ivar Aasen over heile landet, så feirar me han i Bærum òg. Han var ein viktig diktar og språkmann. Og sidan Bærum er ein del av Noreg, er det naturleg at me bruker klokkespelet hans her òg. Eg prøver å vera aktuell, seier Sandholt.

LES OGSÅ: – Dei gjera hugen glad