Heider til minnesmerke på Utøya

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norsk bygg på gjev liste

Britiske The Guardian kallar Hegnhuset på Utøya «eit sjeldan eksempel på eit minnesmerke over eit terrorangrep, heilt fri for overdriven sentimentalitet eller uhyggjeleg sensjonalitet.»

Avisa meiner bygget ugjer eit enkelt, kraftfullt minnesmerke over hendinga den 22. juli 2011.

Sjå heile lista her!

Symbolsk læringssenter
Bygget, som vart opna i sommar, er teikna av arkitekt Erlend Blakstad Haffner, og utforma i samråd med AUF, pårørande og overlevande etter terroren.

Bygget har fått namnet Hegnhuset fordi det rommar det originale kafébygget der 13 personar vart drepne.

Hegnhuset rommar eit læringssenter med ei utstilling utforma av minnestadsekspert og leiar ved Institutt for historiske studiar ved NTNU, Tor Einar Fagerland.

Dei 69 bærande søylene symboliserer dei 69 som vart drepne på Utøya, medan 495 tynnare bjelkar symboliserer dei som berga livet.

– Det som er igjen, symboliserer døden, men også overlevinga, sa AUF-leiar Mani Hussaini då han for fyrste gong viste bygget til pressa.

For AUF har det viktig å bevara det originale bygget og spora etter kva som har skjedd, difor kan ein framleis sjå både kulehol og falma roser.

– Kvifor har vi gjort dette? Fordi vi meiner at dersom vi ikkje lærer av historia, er den dømt til å gjenta seg. Dersom ikkje framtidige generasjonar veit kva konsekvensen av ekstremisme er, så er det dømt til å gjenta seg. Derfor føler vi det som ei plikt og eit ansvar å vidareføre historia herifrå, sa Hussaini.