Headhuntar studentar til oljebransjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vestlandshallen er fylt til randen av standar og det vrimlar med menneske. Det er ikkje spart på pengane når oljeindustrien inviterer til bransjetreff, og ein kan sjå alt frå minioljeplattformer til isskulpturar av supplybåtar. Over 330 bedrifter og 20 000 menneske tek turen til denne årlege messa i Bergen, Offshore Technology Days (OTD). Av desse er mellom 1500 og 2000 studentar.

Over 200 000 menneske jobbar direkte eller indirekte i den norske oljebransjen.

– Vi er her for å etablere kontakt med folk som er under utdanning eller er nyutdanna. Det er viktig å rekruttere flinke folk, gjerne rett frå skulen. Ingeniørstudentar, særleg sivilingeniørar, er folk vi vil ha. Dei med ei tverrfagleg utdanning, som til dømes ingeniør og økonomi, er også svært ettertrakta, seier Kirsten Strømsnes og Marita Scott frå Det Norske Veritas (DNV).

LES OGSÅ: Rekordmange ingeniørar

Søkjer gode hovud
DNV er ein del av Young Professionals-opplegget, der bedrifter som er ute etter kontakt med studentar har standar med ark der dei kryssar av for type kompetanse dei er ute etter.

Aker Solutions er blant bedriftene som er representert både i Young Professionals-området og med ein vanleg stand. Dei er blant dei største arbeidsgjevarane i Noreg med 25 000 tilsette, fordelt på over 30 land. Over halvparten av desse har base i Noreg.

– Vi søkjer både ingeniørar, geologar, geofysikarar, økonomar og folk som kan jobbe innan prosjektleiing og prosjektstøtte. Men særleg ingeniørar, sidan det er dei det er størst kamp om. Vi har også rekruttert ingeniørar frå utlandet, men det er ein svært krevjande prosess, så vi vil gjerne finne dei her i landet. Vi får tak i mykje flinke folk og har tilsett over 225 nye medarbeidarar i Bergen til no i år, seier Kjersti Eikeseth og Gisle Breivik frå Aker Solutions.

Bedrifta har NTNU og Høgskolen i Bergen (HiB) som dei stadene dei rekrutterer flest nye tilsette i frå.

– På HiB er undervassteknologistudiet spesielt interessant for subsea-forretningsområdet. Saman med andre bidrog vi til at denne linja vart oppretta, seier Breivik.

Det er likevel ikkje berre realfagsstudentar som tek turen til messa. Også Norges Handelshøyskole (NHH) er godt representert.

– Vi har hatt stand både på HiB, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB), NHH og Handelshøyskolen BI før messa for å synleggjere oss for studentar. Det verkar som om mange bedrifter søkjer ulike typar ingeniørar og folk med økonomibakgrunn, seier Andreas Terjesen, ansvarleg for Young Professionals-delen av messa.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Ikkje berre ingeniørar
Studentane Miriam Notland og Berit Jåtten har teke turen til messa. Notland studerer økonomi på NHH, medan Jåtten går siste året på mastergradsstudiet i petroleumsteknologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

– Eg er her for å få inspirasjon til kvar eg kan søkje jobb og sjå kva som finst. Det er ein del mindre firma her òg, som ein gjerne ikkje tenkjer på til vanleg. Eg kan tenkje meg å jobbe med auka oljeutvinning for eit operatørselskap, så Statoil og Schlumberger er mest relevante for meg, seier Jåtten.

Notland søkjer også eit overblikk over arbeidsgjevarar.

– Eg heller mot oljebransjen når eg tenkjer på kvar eg har lyst å jobbe. Men eg tek nok først ein master i finans eller samfunnsøkonomi. Oljebransjen er ein stor industri, som eg trur det vil vere interessant å jobbe i. Prosjektleiar er draumejobben, men også gjerne konsulent, seier Notland.

Kirsten Strømsnes frå DNV stadfestar at det ikkje er berre ingeniørar og realfagsstudentar som har ein sjanse innanfor bransjen.

– Vi tilset også blant anna økonomar. Det er klart flest ingeniørar, men vi jobbar også tverrfagleg innan tryggleik. Dei som har studert det som går på organisasjon og menneske kan få jobb hos oss. Til dømes har vi folk som har studert psykologi som jobbar med helse, miljø og tryggleik.

– Vis interesse
Det beste rådet både DNV og Aker Solutions gir til dei som vil inn i bransjen er å vise interesse.

– Særleg dei som ikkje har utdanning som er direkte relatert til industrien må vise interesse for det tekniske arbeidet vi driv med, seier Scott i DNV.

– Dei som set seg inn i bransjen og viser interesse når dei søkjer jobb skil seg positivt ut, seier Eikeseth i Aker Solutions. 

SMEKKFULT. Vestlandshallen vert fylt av bedrifter som ønskjer å rekruttere nye arbeidarar og vise seg fram for resten av bransjen. Over 330 bedrifter er med på messa. Foto: TOMASZ A. WACKO

LES OGSÅ: Halvparten angrar på utdanninga

Håpar på to nye mastergrader
HiB vil søkje om å få ein eigen mastergrad både i undervassteknologi og i innovasjon og entreprenørskap.

– Vi har allereie eit samarbeid med NTNU om ein master i undervassteknologi og Universitetet i Oslo om innovasjon og entreprenørskap, men dette gir for få ferdige kandidatar, seier Halvor Austenå, dekan ved avdeling for ingeniørutdanning ved HiB.

Per i dag skal studentane kunne komme til HiB for å skrive masteroppgåva si og ta fag dei kan tilby innan retninga. Dette har ikkje fungert optimalt.

– For studiet i undervassteknologi har det vore tre til fire personar som har kome ned til oss andre året. Det er eit for lite volum. Vi har eit stort behov for desse utdanningane i industrien på Vestlandet, seier Austenå.

HiB vurderer no om dei skal søkje Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) om eigen akredittering for master i undervassteknologi.

– Dette er framleis oppe til vurdering. Eg er positiv og håpar vi kan få inn ein søknad om begge desse mastergradene til første søknadsfrist som er 1. februar, seier Austenå.

Begge mastergradene vil vere eit ledd i å byggje opp fleire tekniske masterutdanningar ved HiB.

LES HEILE SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

OFFSHORE TECHNOLOGY DAYS (OTD)

  • Den største årlege messa for oljeindustrien
  • Starta opp i 1999.
  • Arrangert av Offshore Media Group.
  • Representerer den norske kontinentalsokkelen.
  • Ein møteplass for både leverandørar og operatørar i industrien.
  • Hadde i fjor over 20 000 besøkande og over 300 utstillarar. 
  • Eigne aktivitetar retta mot studentar under namnet Young Professionals.
  • Vekslar mellom Bergen og Stavanger.

Kjelde: www.offshoredays.com