Hareide – no også på bømlamål

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hareide: – Årets vanskelegaste

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Fuglaberget i Bømlo vidaregåande skule var samlingsstad då bømling og KrF-leiar Knut Arild Hareide tok turen innom torsdag. Bakgrunnen for møtet var dei positive tala Bømlo-skulen kan skilte med, då langt fleire fullfører vidaregåande her på øya enn både i fylket og i landet elles.

Lærar og 3.-kandidat for KrF til kommunevalet, Morten Helland, ønska gjestene velkommen og mimra om tida som Hareide sin medelev, då undervisninga var lagt i brakker på Svortland.

– Sjølv om vindauga falt inn i klasserommet i timen, hadde me det veldig triveleg, sa han og hausta latter frå salen.

Mattelæraren meiner god trivsel er viktig for å halde på elevane, og gav publikum reine tal for pengane.

LES OGSÅ: Hardeide rustar opp til søndagsslag

Kan lære av Bømlo
– På Bømlo sluttar i snitt 14 prosent av elevane i løpet av vidaregåande skule. I Hordaland er talet 23 prosent, mens 25 prosent av alle som går på vidaregåande i Norge avrundar før dei har fullført eksamen, fortalde han.

– Eg meiner dette har mykje med trivsel å gjera, og eigentleg burde ein ha sett nærare på kvifor me har fått dette så godt til her på Bømlo, sa han og lét det skine gjennom at han var lite imponert over fylkespolitikarane sine planar om ein felles vidaregåande skule på Bømlo.

– Ei god tid
KrF-leiaren fortalde om ei god og trygg ungdomstid på Bømlo vidaregåande skule.

– Nokre av dei beste åra eg har hatt var her på Bømlo vidaregåande. Det er jo ikkje berre det faglege utbyttet som er viktig, men her lærer ein å byggje sosiale nettverk og skaffar seg venner for livet. Samtidig er det viktig å bli sett og høyrt, noko eg absolutt opplevde her på skulen, sa Hareide.

Som leiar i KrF ville han ikkje kaste seg inn i den lokale diskusjonen om det bør vera to skular som i dag, eller flytte heile undervisninga til Rubbestadneset i tråd med fylkespolitikarane sine ønskjer.

– Me skal ta vare på den vidaregåande skulen, det er viktig for Bømlo at me får halde oppe det tilbodet me har her på øya i dag, sa han.

Han oppmoda elevane om å engasjera både på og for skulen.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Solid plattform
– Min viktigaste bodskap er at de må engasjera dykk i samfunnet de er ein del av, om det er innan politikk, å ta del i dugnader eller her på skulen. De har utrulege mogelegheiter føre dykk, og den vidaregåande skulen er ei viktig og solid plattform for framtida, sa han.

Rikspolitikaren fortalde òg kva han meiner blir dei største utfordringane i åra framover, og trekte særleg fram klimaendringane og flyktningstraumen.

– Det går an

– Då eg vaks opp, var holet i ozonlaget den store utfordringa, og då som no måtte me få på plass internasjonale forpliktande avtalar. Me stod då føre ei miljøkrise, men gjennom Montreal-traktaten fekk me redusert utsleppa nok til å snu den negative utviklinga. Holet i ozonlaget er framleis stort, men det blir stadig mindre, og innan 2035 vil det vera tilbake på normalt nivå. Det syner at det går an å få ting til dersom det ligg politisk vilje og leiarskap i botn, sa Hareide vidare.

LES OGSÅ: Vil ha klimarekneskap i kommunane


Lærar og 3.-kandidat for Bømlo KrF Morten Helland, ordførarkandidat Sigrun Ersland Alvsvåg og rektor Asbjørn Mæland var vertskap då KrF-leiar Knut Arild Hareide var heimom torsdag. 

Krevjande situasjon
KrF-leiaren som starta sin politiske karriere i Bømlo kommunestyre la òg til grunn at kommunane må vera med på å busetje flyktningar som søkjer hjelp i Norge.

– Det viktigaste me kan gjera er å hjelpe til i dei områda flyktningane kjem frå. Akkurat no opplever verda den mest krevjande flyktningsituasjonen sidan andre verdskrig. Aldri har me sett så mange flyktningar som i dag, og det mens situasjonen hos oss kanskje er betre enn noko gong. Berre i Syria er det 7 til 8 millionar menneske på flukt i eige land, om lag 4 millionar har rømt landet. 1,3 millionar av desse har flykta til Libanon som har eit innbyggjartal på kring 4 millionar, sa han.

– Ikkje oss sjølv nok
– Mange av desse er torturoffer, kristne, homofile eller journalistar som me veit me ikkje kan hjelpe i heimlandet. Då er det viktig at me med vår velstand stiller opp. Me må ikkje få nok med oss sjølv og vår solidaritet med medmenneska må rekke lenger enn til svenskegrensa, sa han.

Hareide peika på at Tyskland har sagt seg villig til å ta inn 800.000 flyktningar i løpet av året, og sa at rike Norge også måtte ta sin del av ansvaret.

Hareide meiner innvandringa har gjort Norge til eit rikare samfunn.

– Me har eit meir fargerikt, fleirkulturelt og flottare samfunn enn noko gong tidlegare, sa han.

LES OGSÅ: Spår meir dialekt i Donald

Knotemål på tinget
Hareide hadde knapt avrunda talen og opna for spørsmål frå salen, før ein ivrig elev ville ha svar på det «alle» lurar på.

– Kva har skjedd med dialekta di?

Og den utflytta bømlingen kunne ikkje akkurat late som om han ikkje forstod spørsmålet.

– Kan de høyre at det er litt betre når eg er her heime? Eg klarar rett og slett ikkje halde på dialekta, og blir veldig lett påverka av dei rundt meg i Oslo. I tillegg kjem kona frå Sørlandet, så då får eg problem med tonefallet òg. At det er heilt greitt å ikkje vera perfekt og gjera feil her i livet er eg det beste eksempelet på, sa han til latter frå publikum.

Nøgd rektor
Rektor Asbjørn Mæland er glad for at Knut Arild Hareide engasjerer seg for den vidaregåande skulen på Bømlo og tar seg tid til å møte elevane.

– Dette er noko både me tilsette og elevane set pris på, at Knut Arild i tillegg har gått på denne skulen gjer det jo litt spesielt, seier han.

Som Helland meiner også han at omverda har mykje å lære av bømlingane. Sjølv har han uttalt seg kritisk til å leggje ned utdanningsinstitusjonen på Leite og flytte den over til Rubbestadnes vidaregåande skule, og enno har han ikkje gitt opp håpet. Han seier det hadde vore naturleg å vurdera andre løysingar for å spare pengar i staden for å setje kroken på døra for godt. Ein modell han tykkjer burde vore betre utgreidd, er felles administrasjon for begge skulane.

– Bømlo kommune og dei vidaregåande skulane har gjennom åra gjort ein veldig god jobb for å få på plass ein trygg og god kvardag for elevane. Ein har heile tida vore oppteken av at elevane skal trivast og føle seg verdsett. Då er det trist at ein frå politisk hald ønskjer å leggje ned skulen, meiner han.

Oppdatering: På twitter skriv Knut Arild Hareide at dialektspørsmålet er det vanskelegaste han har fått i valkampen.