Hardtslåande feminisme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det norske bandet Slutface valde seg eit bandnamn som seier det stikk motsette av det bandet eigentleg meiner. Slutface tyder noko sånt som «tøsetryne», og vart brukt spøkefullt av gruppemedlemmene då dei var i oppstartfasen og hadde eit bedehus som øvingslokale. Seinare bestemte dei seg for å halde på namnet – som ein ironisk kommentar til korleis musikkbransjen objektifiserer kvinner. Feminisme er eit tema som gjerne dukkar opp også i bandet sine tekster, eller i den daglege samtalen.

LES OGSÅ:Vil ha fleire jenter i band

Forelskingar og dårlege festar

Slutface består av vokalist Haley Shea, bassist Lasse Lokøy, gitarist Tor-Arne Vikingstad og på trommer Halvard Skeie Wiencke. Dei kjem frå Stavanger, og har spelt saman i eit par år, sidan dei alle var tenåringar. No har både Haley og Tor-Arne passert 20 – men Slutface er framleis for eit ungt band å rekne.

Gruppa skapar musikken i fellesskap, medan dei fleste tekstene er skrivne, eller improviserte fram, av Haley. Dei handlar for eksempel om forelskingar eller dårlege festar. Men vokalisten er også oppteken av å skildre sin eigen generasjon, mellom anna gjennom å kritisere forventinga om det perfekte, og sjølvframstillinga på sosiale medium.

LES OGSÅ:Razika: – Me har framleis ein lang veg å gå

Eit levande band

Slutface spelte sin første konsert under Hoveslaget i Stavanger jula 2013. Då var gruppa relativt fersk; i eit halvt år hadde dei jobba med å skrive låtar og spele inn demoar. Same år gav dei ut «Slutface EP», ein fire songar og 13 minutt lang debut. Musikken deira blir skildra som eit møte mellom britisk poprock, new wave, pønk og garage.

Bandet fekk raskt eit rykte på seg som eit godt live-band, og allereie i 2014 spelte dei på festivalane Hove og Slottsfjell. Den britiske avisa The Independent tok dei dessutan med på lista si over band som jobbar for feminisme via gitarbasert musikk! Slutface spelte også på Øyafestivalen sin klubbdag, ein konsert som innkasserte terningkast 6 frå VGs musikkmeldar. Då bandet gav ut den andre ep-en sin, «We're just OK», hausten 2014, fekk dei dermed ein god del meir merksemd. Utgjevinga fekk svært gode kritikkar, og to av låtane vart lista på p3. Singelen «Angst» vart Ukas Urørt i juni 2014 – og tok dei seinare til Urørt-finalen.

LES OGSÅ: Mennene dominerer radiomusikken

Steget opp på Øya-scena
Utover hausten og vinteren heldt Slutface fram med å turnere. Dei heldt konsertar omtrent kvar helg rundt omkring i landet, og gjorde også oppvarmingsjobbar for mellom andre Razika og OnklP & De Fjerne Slektningene.

I februar 2015 spelte Slutface for første gong på tv, då gruppa var ein av fem finalistar i den direkteoverførte Urørt-finalen i Trondheim. I mars spelte dei på Bylarm i Oslo, der dei også vart nominerte til Forbilde-prisen. Trondheimsbandet Broen vann den største pengesummen, men Slutface var eitt av fire band som vart premiert med 50.000 kroner kvar. Gruppa vann også Natt&Dag sin Stavanger-pris for beste konsert 2014.

Sommaren 2015 er Slutface blitt oppgradert frå Øyafestivalen sin klubbdag til å halde konsert på sjølve festivalen. Albumutgjeving er det enn så lenge ikkje mykje snakk om. Bandet er meir oppteke av å gjere live-uttrykket sitt enda betre – og kanskje gi ut ein ep til.

Saka var først publisert i Norsk Barneblad.