– Har lært oss å leve med Tsjernobyl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tsjernobyl er eit svart kapittel for sau- og reinnæringa, seier Pål Grev.

26. april er det 25 år sidan katastrofen i kjernekraftverket i Tsjernobyl. Eit jubileum sauebonden i Nordherad og formann i Vågå tamreinlag ikkje ser nokon grunn til å feire.

Det var spesielt Nord-Gudbrandsdal, Nord-Østerdal og delar av Nord-Trøndelag som vart råka da det radioaktive avfallet dreiv med vinden over Noreg og fall ned på bakken som regn og snø.

– Vi har lært å leve med situasjonen, seier Pål Grev. Han tykkjer det er frustrerande at ein må slite med radioaktivitet og nedforing av dyr 25 år etter ulykka i Tsjernobyl.

Kvar haust sidan 1986 har saueeigarane i Vågå vore pålagt å sanke sauane sine tidlegare ned frå fjellet, for å bli sett på nedforing med beite på innmark.

– Dette er tidkrevjande, det slit på beitet og vi får ikkje levert inn lamma til rett tid for slakting. Dette fører til at lamma legg på seg av den ekstra maten, og vi får trekk frå slakteriet, seier Grev. Staten betaler fem kroner per sau per dag når dyra må på nedforing. Dette er eit beløp som ikkje har vore forandra sidan Tsjernobyl i 1986.

I fjor måtte halvparten av all sau og lam nedforast i Oppland. Tal frå Statens landbruksforvaltning viser at det årleg blir gjennomført måling av radioaktivitet på 13.000 sau og 8.000 rein som følgje av Tsjernobyl-katastrofen.

Pål Grev fortel at han i fjor måtte fore sauen i to veker før dei kunne sendast til slakting. I 2009 var det tre veker.

Under reinslaktinga i fjor haust, måtte tamreinlaget sleppe 30 prosent av reinen som skulle slaktast på grunn av for høgt innhald av becquerel i kjøtet. Høgste måling låg på fem tusen becqurel. Grensa for rein er på tre tusen becquerel per kilo kjøt.

Halveringstida for radioaktivt cesium er på cirka 30 år. Sauebonden og formannen i tamreinlaget fryktar at ein må slite med problemet frå Tsjernobyl i mange år framover.

LES SAKA I FJUKEN!