Har du høyrt om nattmjølk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mjølk som får deg til å sove betre er blitt så populært i Tyskland at fenomenet er spådd å bli ein av dei store forbrukartrendane i 2016.

LES OGSÅ: Snart kan du kjøpa kunstig mjølk

Melatonin er eit hormon som finst naturleg i kroppen og som spesielt vert produsert i mørket, og då særleg om natta. Samtidig har det lenge vore hevda at stoffet hjelper menneske og dyr til å halde døgnrytmen og sove betre.

Dette har det München-baserte firmaet Milchkristalle gjort til ein forretningsidé og har lansert eit pulver som inneheld krystallar frå mjølk, skriv ATL Lantbrukets affärstidning. Mjølka kjem frå kyr som er blitt mjølka om natta og pulveret skal derfor innehalde ein stor dose med melatonin, og vert marknadsført som «søvnpulver».

Populariteten i Tyskland har gjort at det renommerte Euromonitor har tatt «nattmjølk» med på lista over dei ti heitaste konsumtrendane i 2016 (Top 10 Global Consumer Trends) (©NPK).

LES OGSÅ: Kina tappar verda for mjølk