Håpar på høgfartsbanen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Håpar på høgfarts- banen

Guro Stordrange (17) vann skrivekonkurransen ”Tilbake til 2020” med eit innlegg om korleis ho ser for seg framtida i Dalen i Tokke i Telemark. Ho ønskjer å ta hydrogenbuss til Høydalsmo der ho vil kunne gå på lyntoget til Skien.

”Togturen tek berre 18 minutt, og eg kan pendle frå Dalen til Skien dagleg. Høgfartsbanen har ført mange unge tilbake til bygda. Det har blitt attraktivt å bu i utkanten, sidan ein er nærmare tenestar som sjukehus, frisør, tannlege og shoppingsenter enn ein nokon gong har vore tidlegare, ” skriv ho innlegget sitt på Framtida.no.

Skreiv på jobb
Etter å ha gått og tenkt på kva ho skulle skriva om, og om ho i det heile skulle skriva, brukte Guro berre 20 minuttar på bidraget – medan ho var på jobb på Essoen heime på Dalen.

– Ei temmeleg god timebetaling, seier ho og smiler. Prisen på 5000 kroner fekk ho utdelt på Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Suldal torsdag sist veke.

LES VINNARBIDRAGET HER!

Teksten hennar har allereie fått stor merksemd. Det har blitt intervju med Vest-Telemark Blad, NRK i Telemark og Tokke kommune har brukt delar av teksten i ein søknad om bulyst-midlar frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Engasjert
Kva skal ho gjera på i framtida, då?

– Alle seier eg skal bli lærar, sidan foreldra mine er det, men eg veit ikkje heilt det. Eg kunne tenkt meg noko innan naturvitskap. Bioingeniør, kanskje. Eg har lyst til å studera noko framtidsretta, og skal gå programfag til neste år, seier 1.klassingen på Vest-Telemark vidaregåande skule.

Guro Stordrange er engasjert i lokalsamfunnet, og meiner det er viktig at ungdom må bli høyrt.

– Det er jo me som er framtida, seier ho.

Tokke kommune er blant over 70 kommunar i Noreg som ikkje har ungdomsråd.

– Det har eg og nokre andre jenter på skulen tatt opp. Me har snakka med læraren vår, som har vore leiar for Senterpartiet lokalt, og har fått tilbod om å starta det opp.

– Eg meiner det er viktig at ein har eit ungdomsråd som er uavhengig av partigrensene, som kan uttala seg om saker som vedkjem ungdom, seier Guro Stordrange.

Bygdejente
Korleis er det med nynorsken på Dalen?

– Dei fleste brukar nynorsk. Det er nokre få fleire i klassen min som brukar bokmål, fortel ho. Nynorsk er det mest naturlege, synest ho.

– Det er kanskje litt rart, men når eg er i Oslo snakkar eg breiare enn heime, seier Guro Stordrange.

I vinnarbidraget tek ho utgangspunkt i at ho bur på Dalen og pendlar til jobb i Skien. Ho utelukkar slett ikkje å flytta tilbake etter utdanninga.

– Eg er nok ei bygdejente, og trivst her, seier ho.

Etter ein tur til Hardanger seier ho at ho blei fascinert av Odda.

– Dei var noko med det nedlagte smelteverket. Eg fekk litt lyst til å bu der eller ein stad i området, seier ho.