Han mot hen

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har kommentert og kritisert det (svenske?) påfunnet med ”kjønnsnøytralt” pronomen hen på Framtida før. I intervjuet med Kristin Fridtun kjem det fram at heller ikkje ho er heilt fortruleg med hen. Det er ikkje noko rart, for å forandre noko så grunnleggande som dei personlege pronomena i eit språk, er eigentleg eit ”overgrep”. Eg snakkar sjølv samisk og veit at samisk ikkje har ulike ord for han og ho, men det er fordi at verken samisk eller finsk har grammatisk kjønn. Med norsk, som bøyer både substantiv, pronomen og adjektiv i tre kjønn, er sjølvsagt dette annleis.

LES OGSÅ: «Hen» inn i svensk ordbok

Eg uttalar meg ikkje om biologisk kjønnsidentitet, det har eg altfor lite greie på. Men eg ser at Kristin Fridtun tykkjer det blir lagt for mykje vekt på kjønnsforskjellar. Det kan eg i alle fall seie meg heilt einig i. Blått eller rosa, sminke og hårlengd og høge hælar må vera heilt uvedkommande. Kvifor ein da driv og tullar med grunnleggande ting i språket, kan eg ikkje forstå. I dialektene, som dei fleste av oss snakkar, blir dette heilt tullete. For korleis ordet skal bøyast og uttalast finst det inga rettleiing for. I ein del dialekter vil hen og han kunna forvekslast. I mi dialekt bøyer vi pronomenet i fire kasus: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv: hannj, hennå, hass / ho, henna. I dei fleste dialekter uttalar ein han som ’n når ordet er trykklett, korleis kan ein da skilje mellom han og hen? Dessutan brukar vi det ubundne pronomenet ein (og man i bokmål), det er vel ikkje kjønnsnøytralt? Er hen liten eller lita eller lite? Kva skal vi gjere med uttrykk som ”far hans Ola” og ”far hennar Kari”?

LES OGSÅ: Gjer som svenskane – Bruk «hen»

I nynorsk er kjønnsbøyingane grammatiske fenomen, ikkje biologiske. I normert nynorsk følgjer ein same regel som i dei fleste dialektene: pronomen skal vere i samsvar med grammatisk kjønn på det substantivet det viser til. Dei fleste substantiva har jo ikkje biologisk kjønn, likevel seier vi han både om båten, foten, stolen, himmelen, kvelden, presten, torsken og statsministeren. Vi seier ho om skuta, handa, senga, klokka, tunga, dørvakta, gaupa, sola, natta, dronninga og regjeringa. Vi seier det om skipet, kneet, bordet, året, barnet, mennesket, dyret, ordet og havet. Sjølvsagt kan vi omtale presten eller statsministeren eller talsmannen med ho dersom vi vil legge vekt på at ho er ei kvinne, men å snakke om ei talskvinne er like  tullete som å snakke om statsministressa, i alle fall er det ein hån mot jamstillingsstrevet. Ordet transperson er grammatisk hankjønn, så det burde vere heilt uproblematisk å bruke pronomenet han.

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Hugs at ordet mann er biologisk kjønnsnøytralt: mann av huse, gå manngard, på tomannshand, likemann eller overmann, mannskap, nordmann, nye landsmenn, manntal, allmenn, i manns minne, manne seg opp, nedbemanne osv. «Mann er manns gaman» handlar neppe om homofili!

Skal ein gjere om att språket, er det mykje meir å ta tak i enn pronomena, da er det vel enda viktigare å lage avløysingsord eller ”nøytrale” ord for kar og kvinne, gut og jente, bror og søster, tante og onkel osv. og ”kjønnsnøytrale” namn i staden for Kari og Ola.