– Han kjem aldri ut

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bistandsadvokatane Mette Yvonne Larsen og Frode Elgesem seier at det ikkje er nokon grunn til å vera redd for at Anders Behring Breivik blir ein fri mann med det første.

– Det er ikkje noko i rapporten frå dei sakkunnige som gjev grunn til å vera redd for at Breivik vil sleppa fri. Han vil bli halden i lukka anstalt i mange år, kanskje heile livet, uavhengig av denne rapporten og konklusjonane i den, seier bistandsadvokat for offer og etterlatne etter terroraksjonane 22. juli Mette Yvonne Larsen til NTB.

Kollegaen hennar, Frode Elgesem, legg til:

– Breivik vil bli halden inne fordi han er definert som farleg. Det er ei opning i lovverket til halda farlege personar inne sjølv om dei av ein eller annan grunn og på eit eller anna tidspunkt skulle bli erklært friske. For Breivik er det ikkje tvil om at han er i den kategorien og at han vil vera det også i framtida, seier Elgesem.

– Kan dømmast til tvungen psykisk helsevern på livstid
Anders Behring Breivik kan bli dømt til tvungen psykisk helsevern på livstid, opplyser statsadvokat Inga Bejer Engh.

Engh forklarte på ein pressekonferanse tysdag kvifor Breivik kan unngå fengselsstraff dersom dei sakkunnige konklusjon blir endeleg.

LES OGSÅ: Åtvarar mot kritikk av overlevande

– Når ein person er psykotisk når han gjer ei straffbar handling, kan han ikkje dømmast til fengselsstraff. Han kan heller ikkje dømmast til det vi kallar forvaring. Vedkommande har då ei så alvorleg psykisk liding at det ikkje er forsvarleg å dømme han til fengselsstraff, sa Engh.

Prinsippet om at ein utilrekneleg person ikkje kan straffeforfølgjast, har vore rettsprinsipp i Noreg sidan mellomalderen. Utilreknelege lovbrytarar som har gjort alvorleg kriminalitet og som ein vurderer som farlege, kan dømmast til tvungen psykisk helsevern.

– Det vil seie at dei blir dømde til tvungent opphald i psykiatrien, om nødvendig for resten av livet. Bakgrunnen for dette er at vi som samfunn har behov for å beskytte oss mot utilrekneleg personar. Dersom den endelege konklusjonen blir at Anders Behring Breivik er utilrekneleg, vil vi be retten avseie ein dom om tvungen psykisk helsevern, sa Engh. (©NPK)

Les alle sakene våre etter terroråtaket 22. juli her!