Halvparten vil ha forbod mot tigging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Halvparten vil ha tigge-forbod

Neste veke skal tiggeforbodet opp i Stortinget. Alt tyder på at eit fleirtal av Frp, Høgre og Sp syt for eit nasjonalt forbod frå neste år, og eit lokalt der kommunane sjølv kan bestemma frå i sommar.

Ei meiningsmåling Respons Analyse har gjort for Bergens Tidende og Adresseavisen, viser at nesten halvparten av dei spurde er for eit nasjonalt tiggeforbod.

– Dette stadfestar det vi har sett i lang tid, at det er klart fleirtal mot den typen tigging vi har opplevd dei siste par åra, seier justispolitisk talsperson i Frp, Ulf Leirstein til Bergens Tidende.

Vel 20 prosent av dei spurde i meiningsmålinga vil gje kommunane tilgang til å innføra tiggeforbod, slik regjeringa no har føreslege. 25 prosent vil tillata tigging som i dag.

Resultatet frå denne målinga er svært likt ei tilsvarande måling i Aftenposten i fjor sommar. Det er Høgre- og Frp-veljarane som ivrar mest for å innføra eit forbod. (©NPK)