Halvparten angrar på utdanninga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av to angrar på utdanninga

Halvparten av norske arbeidstakarar angrar på utdanningsvalet sitt, viser undersøking.

Undersøkinga er gjort blant 1600 leiarar og 1000 arbeidstakarar og er gjort på oppdrag for bemanningsbyrået Proffice, skriv DN.no. Den viser òg at ein firedel av oss i dag jobbar med noko ein ikkje er utdanna til.

LES OGSÅ: Vel studium som ikkje gjev jobb

Ifølgje svara ville dei fleste valt ingeniørstudium om dei kunne velje på nytt. 17 prosent svarar dette. Blant menn ville 28 prosent valt denne utdanninga, talet for kvinner er åtte prosent. På andreplass kjem økonomiutdanning med ni prosent og handverkarutdanning med åtte prosent.

– Når me veit at det er et behov for mange tusen ingeniørar i Noreg, er det klart at det er synd at så mange skulle ønskje dei valde ingeniørutdanning. Det fortel meg at me må gjera noko med haldningane til realfaga blant unge menneske, seier president i Norges Ingeniør og Teknologiorganisasjon (NITO), Marit Stykket i rapporten fra Proffice.

Les meir om yrkesval her!