Ha trua på deg sjølv – bli god i matte

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingrid Syse og Karin Sørlie Street frå Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett på temaet meistringsforventningar – kva ein elev forventar at han eller ho skal klare – i ein norsk samanheng. Forskingsprosjektet deira er ein del av det større prosjektet Lærande Regionar, der 12 forskargrupper prøver å finne forklaringar på kvifor elevane i Sogn og Fjordane ligg i landstoppen på resultat i nasjonale prøver innan norsk og rekning. Dette skriv forskning.no.

Resultata i vestlandsfylket har lege jamt høgt over fleire år, sjølv om sosiale og økonomiske forhold skulle tilseie at elevane der skåra mykje lågare. Forskingsprosjektet har samanlikna skular i Sogn og Fjordane, Aust-Agder, Oppland og Nord-Trøndelag, fire fylke som er nokolunde like sett frå eit sosioøkonomisk perspektiv, men der elevane skårar ulikt.

LES OGSÅ: Matematikar: derfor er alle hipsterar like

Sogn og Fjordane skil seg ut
Då Syse og Street undersøkte eit utval skuleklasser i desse fire fylka, fann dei interessante forskjellar. Meistringsforventningane til elevane i Sogn og Fjordane er høgare enn i Nord-Trøndeland og Aust-Agder, og dette var med på å forklare kvifor resultata i dei nasjonale prøvene i rekning var betre her. Oppland skilde seg ut ved at elevane der hadde relativt god tru på seg sjølve, medan resultata på prøvene likevel ikkje nådde opp til nivået i Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane hadde dessutan jenter like stor tru på seg sjølv i matematikk som gutar, i motsetjing til jenter i dei tre andre fylka.

– Individuelle forskjellar i elevanes meistringsforventningar forklarte heile 16 prosent av forskjellane i prøveresultat, medan forskjellar knyta til region forklarte under fire prosent, seier Street.

Ni veker, ni skular
I første del av studien sin, som dei gjennomførte i 2012 og 2013, samla Syse og Street inn materiale om meistring og skuleresultat i dei fire fylka og analyserte det. Våren 2015 har dei gått vidare med ein studie der dei analyserer kva som skjer i klasseromma når elevar får undervisning i nye matematiske tema.

I løpet av ni veker har dei vore til stades under matteundervisninga på ni ulike skular – alltid når læraren skulle introdusere noko nytt for elevane sine. I forkant av og rett etter mattetimen har elevane svart på spørsmål om meistringsforventningar til lette, middels og vanskelege oppgåver. Syse og Street har også analysert kva som skjedde i timen, og intervjua lærarane om det.

LES OGSÅ: Vil la elevar gå på skule utanfor heimfylket

Tore å prøve
Nett det å tore å prøve og lov å gjere feil, er kjernen ved meistring. Det er også lurt å ikkje fjerne merksemda frå eleven straks han gjer feil.

Når det gjeld kva motivasjonsgrep læraren kan ta peiker Syse på samarbeid – å lage eit matematisk fellesskap.
– Læraren kan legge til rette for slike vikarierande meistringserfaringar ved å få elevane til å jobbe saman som læringspartnarar. I tillegg kan læraren trekkje fram når elevar gjer noko bra: ”Det var ein god måte å tenkje på. Maria sa altså …