Gym kvar dag gir flinkare elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vel 84 prosent av 610 lærarar som nyleg har vorte intervjua om fysisk aktivitet på skulen, trur at meir fysisk aktivitet fører til at elevane presterer betre på skulen, skriv Aftenposten.

Like mange meiner at fysisk aktivitet fremjer trivselen og reduserer konfliktnivået. Lærarane er visse på at skulebarna får langt meir enn det fysiske ut av gymtimane. Blant anna blir konsentrasjonen betre, hevdar dei.

LES OGSÅ: Vil ha gym kvar dag

Legeforeininga har lenge sett med uro på den fysiske forma til barn og rådde alt i 2002 til at alle klassetrinna fekk éin time meir kroppsøving kvar dag. Foreininga minner om at for lite fysisk aktivitet er éi av hovudårsakene til overvekt og påfølgjande sjukdommar.

Kreftforeininga, Legeforeininga, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Idrettsforbundet og Norsk Fysioterapeutforbund står saman bak undersøkinga. Dei fem organisasjonane er samde om målet: éin time fysisk aktivitet kvar skuledag.

– For oss er det viktig å få fysisk aktivitet i skulen, der vi når alle barna. Det minskar dei sosiale forskjellane, seier presidenten i Legeforeininga, Hege Gjessing. (©NPK)

LES OGSÅ: No skal innsats telja i gym