Grusa tidlegare rekordar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er over alle forventningar, fortel ein entusiastisk, men utsleten, festivalsjef Katrine C. Fredheim.

Totalt 6100 personar vitja Målrock som byrja onsdag og vart avslutta laurdag. 

– Kring 200 personar var på Svalheim Gard på onsdag, deretter 1000 besøkande på festivalområdet på torsdagen, 2200 på fredag og omtrent 2100 på laurdag, utdjupar ho. Ho legg til at det var 600 personar i Skåri laurdag formiddag.

Utvida arrangement

Dei har fått gode tilbakemeldingar på det utvida arrangementet i år, som inkluderte toppturar, ein intimkonsert på Svalheim Gard og ein ekstra konsertkveld i Meieriparken.

LES OGSÅ: Henta til gards den trolske fjellmagien

LES OGSÅ: – Musikk utanom det vanlege

– Det har vore ei fin helg, og innsatsen til dei friviljuge har vore formidabel. Utan dei hadde det ikkje vorte festival, seier Fredheim.

Både vaktselskapet som vart nytta under festivalen og politiet har gjeve tilbakemeldingar om at ting har gått på skinner. – Noko bråk vert det alltid, men til å vera så mykje folk samla på ein plass, så har ting vore veldig roleg, seier ho.

Sterk oppleving
Sjølv om Målrock byr på mange opplevingar, er det alltid noko som set ekstra spor.

Kva vil du hugse best frå årets festival?

– Karpe Diem – utan tvil! Det var ei sterk oppleving, seier Fredheim. 

LES OGSÅ: – Me har dobbelt å ta att

Ho vil og trekkje fram Minor Majority i Skåri, der Christel Alsos plutseleg dukka opp på scena saman med dei. – Dei skapte ei veldig fin ramme i Skåri.

Då Porten.no spør festivalsjefen om dei har fått nokon tilbakemelding frå artistane, seier ho at alle artistane har vore storfornøgde.

2016

Til neste år vil Målrock-arrangørane prøve å leggje endå betre til rette for tilreisande. 

– Me har ikkje satt oss noko mål på tal besøkande. Me vil heller fokusera på dei store opplevingane enn å gjere festivalen enno større, seier Fredheim. 

Vil de halde fram med den utvida delen av festivalen?

– Eg trur eit slikt utvida arrangement er vegen å gå. Me er klare for å utvikla det vidare, avsluttar ein fornøgd festivalsjef.

Les saka i Porten.no!