Gruppearbeid verst for kvinner

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To hjerner fungerer ikkje alltid like bra som ein. Forskarar har funne ut at å jobbe i små grupper ofte reduserer intelligensen til nokre av medlemmane, slik at dei ser det som sannsynleg at sosial interaksjon kan midlertidig undertrykke intelligens. Dei fann og at dette var særskild vanleg for kvinner.

Forsking leia av forskarar på Virginia Tech fann at dynamikken i små grupper, som for eksempel i juryar, felles forhandlingar og i selskap, kan redusere korleis intelligensen verkar for nokre.

– Du kan spøke om korleis møter kan få deg til å føle deg hjernedaud, men vi finn faktisk at dei kan få deg til å oppføre deg på hjernedaudt vis òg, seier Read Montague, leiar av Human Neuroimaging Laboratory and Computational Psychiatry Unit på Virginia Tech Carillion Research Institute i ei pressemelding.

Les òg: Gruppearbeid er ei katastrofe

Forskarane starta med individ som var matcha etter IQ, alle hadde 126, men når desse vart sett i små grupper, og fekk rangert resultata sine på kognitive oppgåver mot det deira jamnbyrdige gjorde og gjorde dei klar over desse resultata, vart dramatiske fall i evna til mange av forsøkspersonane til å løyse problem synlege. Den sosiale tilbakemeldinga hadde ei utruleg effekt, sjølv om deltakarar av begge kjønn hadde same grunnleggjande IQ, var berre 3 av 13 kvinner i stand til å gjere det like bra etter tilbakemeldinga og det var dermed 10 av 13 kvinner som gjorde det langt verre.

– Denne studien fortel oss at ideen om at IQ er noko me kan måla med tryggleik i isolasjon utan å ta omsyn til korleis den spelar samman med sosial kontekst er grunnleggjande feil, seier Steven Quartz frå Caltech i ei pressemelding.

Les meir om dette på Forskning.no.