Grøn Ungdom vil erstatta KRLE med FRED

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me må likebehandla alle livssyns- og trussamfunn og då må ein gjera meir enn å fjerna K-en i KRLE, me må ha eit nytt fag, seier Ola Eian, talsperson i Grøn Ungdom i ein Facebook-video.

Ungdomspartiet vil ha ein livssynsnøytral skule og foreslår difor å erstatta dagens KRLE-fag (kristendom, religion, livssyn og etikk) med eit nytt fag kalla FRED (filosofi, religion, etikk og dialog).  

Livssynsfleksibel
Det skapte mykje debatt då dagens regjering i 2015 tok inn att K-en for kristendom i faget RLE (religion, livssyn og etikk). At norske elevar skal læra meir om kristendom var ei av hjartesakene til støttepartiet KrF.

I 2015 bestilte Human-Etisk Forbund ei undersøking som synte at meir en éin av fire foreldre ynskjer eit alternativ til KRLE-undervisninga.

Til Framtida forklarar Eian at namnet ikkje er det viktigaste for Grøn Ungdom. Dei er oppteken av at faget skal fokusera på forståing, dialog og kunnskap om ulike religionar og livssyn.

– Me har diskutert dette med livssynsnøytral skule i programkomiteen til Miljøpartiet Dei Grøne og kanskje er livssynsfleksibel eit betre ord. Det skal ikkje vera forbode med religion, men me vil at alle livssyn og religionar skal føla seg ivaretekne, forklarar Eian.  

Ungdomspolitikaren trur ikkje at bibelkunnskap og koranpugging er det som skapar mest forståing for andre religionar og meiner det er viktigare å fokusera på dei etiske problemstillingane i dei ulike religionane sine forteljingar.

Grøn Ungdom er skeptiske til å detaljstyra innhaldet i faget, men etterlyser meir fokus på dialog, filosofi og etikk enn religionskunnskap. Ikkje minst etterlyser Eian ei meir rettvis vekting av religionane.

– Me meiner ikkje at ein skal sidestilla alle religionar. Scientologi skal ikkje ha ein like stor plass som kristendommen, men ein bør kanskje vekte det etter storleik. Men slik det er i dag, at kristendommen har 50 prosent av tida, er ikkje ei fornuftig vekting, seier Eian.  

Han meiner òg at den kristne formålsparagrafen må ut av skulen (sjå faktaboks).

LES OGSÅ: KRLE-fag kan bryta med menneskerettane


AUF-leiar Mani Hussaini er ueinig med Arpeidarpartiet, som ikkje lenger vil fjerna K-en i KRLE. Pressefoto

AUF-leiar vil skrota K-en
Arbeidarpartiet gjekk tidlegare inn for å fjerna K-en i KRLE-faget, men har i sitt forslag til partiprogrammet for 2017 gått bort frå dette.

Ola Eian tolkar endringa som at Ap-leiar Jonas Gahr Støre er på friarferd til sentrumspartiet KrF, som har kristendomsundervisning som ei av sine hjertesaker

Leiar i Ap sitt kvinnepolitiske nettverk, Anniken Huitfeldt, og AUF-leiar Mani Hussaini er ueinige med eige parti og har foreslått å gjera religion og livssynsfaget meir inkluderande ved å fjerna K-en.

AUF-leiaren trur at moderpartiet vil snu på landsmøtet i april.

Hussaini påpeikar ovanfor Dagsavisen at KRLE-faget liknar det gamle KRL-faget som vart dømt av den europeiske menneskerettsdomstolen i 2007.

Huitfeldt peikar på si side på at kyrkje og stat er skilt og at religionsopplæringa er overført til dei ulike trussamfunna.

– Eg er oppteken av at alle som bur i Noreg skal ha god kjennskap til vår kristne kulturarv. Men sjølve religionsfaget bør vera religionsope, seier ho til Dagsavisen.

KrFU: – Funkar godt i dag
Då KRLE vart innført i 2015 uttala dåverande KrFU-leiar Elisabeth Løland at faget ikkje skal vera misjonerande.

I sitt forslag til partiprogram for 2017 vil KrF ha KRLE som obligatorisk fag på lærarutdanninga. Dei vil òg at KRLE-faget skal ta omsyn til dei ulike religionane i den norske befolkninga og klassen, men at om lag halvparten av undervisninga skal vera om kristendom.

KrFU-leiar Ida Lindtveit er for tida på reise, men svarar på ei tekstmelding at ho meiner dagens KRLE-fag fungerer godt.

– Dagens fag er endra på mange gonger, og eg meiner det er viktig å gje det ro slik at det vert føreseieleg både for elevar, lærarar og kompetansemiljø, skriv ho.


Fleire tolkar det at Arbeidarpartiet ikkje vil fjerna K-en som eit frieri til KrF. Men KrFU-leiar, Ida Lindtveit, har tidlegare åtvara moderpartiet mot Ap-samarbeid. Foto: Gunnhild Sørås, KrFU

Faktaboks

• KRL-faget (kristendom, religion og livssynsorientering) vart innført i 1997

• Foreldre med ulike livssyn gjekk til sak mot staten, som dei meinte tvinga kristendomsundervisning på borna deira.  Dei tapte i alle norske rettsinstansar, men anka vidare til FNs menneskerettskomité der dei fekk delvis medhald i 2004

• I juni 2005 vedtok Stortinget å endra namnet til kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og koplinga til skulen sin kristne formålsparagraf vart fjerna

• I juni 2007 kom dommen frå Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg der fleirtalet av dommarane meinte KRL-faget strir mot menneskerettskonvensjonen

• I 2008 vart faget erstatta av RLE (religion, livssyn og etikk)

• Solberg-regjeringa og støttepartia innførte i 2015 KRLE, der K-en står for kristendom.

• I formålsparagrafen for den norske grunnskulen står det:
«Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.»