Grisen står og hyler på mottaket

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 28.12.2021 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grisen står og hyler
i den stille kveld
Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel.

Gutane ligg langflate i latter. Dei kan nesten ikkje tru det dei ser og høyrer.

Det er første gong dei høyrer song om ein gris.

«Den finaste eg veit»

Starten på denne historia byrja på Facebook, som det ofte gjer i desse dagar.

Geir Angeltveit, som jobbar som miljøarbeidar for dei einslege mindreårige asylsøkjarane på Litlabø EM Mottak, posta ei etterlysing på Facebook-veggen sin.

Forslaga rann inn.

Song på nynorsk og dialekt gjer det jo stort og toppar ofte salslistene – anten det er snakk om Nordstoga, Vamp, Kaizers Orchestra, Bjørn Eidsvåg, Ingebjørg Brattland, Stein Torleif Bjella eller Daniel Kvammen.

Framtida.no fekk vera med ein søndagskveld for å høyra på musikken saman med dei 15-17 år gamle gutane på Litlabø på Stord.

– Eg likar godt «Den finaste eg veit» av Hellbillies. Det er favoritten, fortel Abbas Ali (15), ein av dei mange gutane frå Afghanistan på mottaket.

– Den kan du spela til kjærasten din, seier Geir Angeltveit.

For Abbas Ali har fått seg kjæraste på Stord. Men ho skal til Tyrkia i to månader. Då er det godt å høyra på musikk innimellom.

Han høyrer òg på musikk frå heimlandet og engelsk musikk. Adele strøymer ofte ut av høgtalarane.

– Er det Spotify eller Youtube du høyrer på?

– Ikkje Spotify, nei, det kostar masse pengar. Det er Youtube.


Abbas Ali (t.h.), Nasratallah og Amadu har funne seg godt til rette på mottaket på Stord.

LES OGSÅ: Fann nytt språk

Blir kjent med kvarandre gjennom musikken

Mahmoud er frå Syria. 16-åringen er kjent som dj-en på mottaket.

– Eg speler kurdisk musikk, engelsk musikk og av og til hausa-musikk.

Hausa-musikken har han blitt kjent med gjennom Amadu, den einaste frå Nigeria på mottaket.

Amadu (17), på si side, har byrja å lika hazari-musikk frå Afghanistan. Særleg likar han strengeinstrumentet dambora.

– Det er tøft.

Amadu likar òg «Fordi eg elskar deg» av Ingebjørg Bratland – og dei norske barnestjernene Marcus og Martinus.

– Det er kul musikk, smiler han.

LES OGSÅ: Nordstoga: – Godt å ikkje berre følsam i lilla sjal

«Eg vil. Eg vil bli forstått»

Rammsund sin nynorsk-versjon av «Ich will» av Rammstein dundrar frå høgtalarane.

Gutane fortel at dei har budd på mottaket i litt over tre månader. Dei snakkar forbløffande bra norsk med Stord-dialekt til å ha budd her så kort tid.

På skulen har dei lært at me bruker nynorsk, bokmål og samisk i Noreg.

I heimlanda deira er det mange fleire språk. I Syria er det arabisk og kurdisk som er mest vanleg, men òg fleire andre mindre språk. Dei afghanske ungdommane snakkar pashto og dari. Til saman er det kring 40 språk i landet.

I Nigeria er hausa, joruba og igbo dei mest vanlege språka. Men totalt meiner språkforskarar at det er over 500 språk i det mest folkerike landet i Afrika.


– Eg likar å høyra hip-hop på farsi, seier Abdullah frå Afghanistan (t.h.). Nizamuddin likar å høyra på Amir Tataloo.

LES OGSÅ: Bygda og byen i Daniel

Cricket og is

Når gutane ikkje speler musikk og går på skule, går det ofte i fotball, karate, volleyball og cricket.

For ikkje lenge sidan gjekk ungdommane på mottaket i sitt første 17.mai-tog.

– Det var veldig fint å gå i tog. Eg åt is og kake, fortel Mahmoud frå Syria. Han fortel at dei pleidde å gå i tog i heimlandet hans òg. Men ikkje no. No er det krig.

– Alt er musikk

– Kva er forskjellen på musikk frå heimlandet dykkar og norsk musikk, som de høyrer her?

– Det er ikkje så stor forskjell på musikk frå Noreg og Afghanistan. Alt er musikk, seier Nizamuddin (15).

– Kva handlar musikken frå Afghanistan om?

– Det handlar ofte om kjærleik, jenter og kjærastar og mange andre ting – slik som norsk musikk òg gjer, seier han.

FÅ FLEIRE MUSIKKTIPS HER!