Grip nettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vanskeleg for uetablerte kreative sjeler å leve ut sine briljante ider og prosjekt på internett. Slik det er i dag er ein som oftast avhengig av kapitalen til store selskap, som har makta over dei mange marknadene til nettet.

Men snart kan den skapande, kreative klassa – som forfattarar, utviklarar og bloggarar – sjølv få setje krava.

Det meiner den nederlandske professoren Geert Lovink, som underviser i interaktive medium ved Høgskulen i Amsterdam, og som sist veke vitja Universitetet i Oslo (UiO).

Ropar på eksperiment
Desentralisering av makt, nye modellar for finansiering og open arkitektur i programvarer er kva Lovink vil oppnå – altså å unngå at store selskap sit på både serverane, kapitalen og programvara.

Kort sagt å styre unna dagens Big Brother, som ser alt og tek det meste av pengane.

– Spesielt studentar bør kome om bord så fort som mogleg, meiner Lovink, sidan både mengder og kompetanse gjer dei til ein slagkraftig gruppe.

– Til å byrje med finst det alternativ til Facebook, Google og Twitter, seier han.

Lovink trekkjer fram den desentraliserte tenesta Diaspora, eit nytt sosialt nettverk som kan ta opp kampen med Facebook når det blir lansert – medan du held eigarskap til alt du legg ut.

Agendaen til Lovink er å gjere folk oppmerksame på at det finst alternativ.

– Det eg spør etter er eksperiment.

Gratis underhaldning
Eit døme på innovativ finansiering er spelfenomenet Minecraft, der den svenske utviklaren Markus Persson har byrja å selje tilgjenge til spelet for ein billeg penge lenge før produktet er ferdig. Han lovar kjøparane alt framtidig innhald gratis.

Allereie før spelet er ferdig har det over ein million brukarar – og det er berre dei som har betalt for utviklinga, heilt frå starten.

Denne typen mikrotransaksjonar, eller «crowd funding», er blant modellane Lovink ynskjer å sjå meir av.

– Eg er ein stor tilhengar av system der skaparane får pengar direkte frå brukarane. Spesielt førehandsfinansiering er interessant, der ein er sikra inntekt før ein publiserer boka eller lagar filmen, og så kan ein gje bort produktet gratis, seier Lovink.

Publisering for alle
Samfunnsøkonomistudent ved UiO, Per Harald Borga, som har grunnlagt e-bokforlaget Forlaget Propell, er òg blant innovatørane. Han synest denne utviklinga er strålande, sjølv om mange av ideane til Lovink er nye for han.

Borga trur ein slik trend kan utfordre kartellet til dei store forlagshusa.

– Når ein sjølv gjev ut bøkar digitalt, treng ein ikkje investere stort, og ein tek liten risiko. Det opnar for ein eksplosjon i mengder forlag, og vil gje dei store mindre og mindre makt.

Det vil òg gjere det enklare å få publisert stoffet sitt.

– Ei nisje-bok kan fint profittere som e-bok, medan eit stort forlag aldri ville investert i han, seier han og legg til at lågare produksjonskostnader kan gje større inntekter til forfattaren.

Lukka system
Men sjølv om ein forfattar i dag sjølv kan publisere ei bok rett på til dømes Amazons Kindle, har dei leiande selskapa enno eit godt grep om marknaden.

– Apple tek 30 prosent og Amazon tek opptil 65 prosent av salet, og systemet per i dag er såpass lukka at det er vanskeleg å nå ut utan å gå gjennom dei. Først når vi får ei open løysing og eit velfungerande ope format som alle lesebrett støtter, vil makta vere heilt forflytta, seier Borga.

Nettopp ein slik open arkitektur i programvare er ein av Geert Lovinks største kampsaker.

– Eg vil ikkje gå så langt som å seie at open arkitektur er ein menneskerett, men ein viktig rett er det likevel. Ein skal ikkje ta det for gjeve at når ein kjøper noko, så kan ein ikkje endre det, seier Lovink.

Får han viljen sin, vil vi alle snart få setje krava sjølv, og kan bidra til å hindre at einskilde aktørar har makt over systema.

– Det er ikkje berre dei store selskapa som ynskjer å kontrollere og filtrere informasjon til eigen fordel. Styresmaktene gjer det òg for alt det er verd. Det har vi sett i Egypt den siste veka.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!

Faktaboks

Internetteori for dummies

Desentralisering: Servarar, kapital og/eller programvare ligg hos den enkelte bruker snararar enn hos eit selskap. Transaksjonar kan gå utan mellomledd.
Åpen arkitektur: Programvare eller hardware som kan modifiserast av brukaren.
«Crowd funding»: Prosjekt blir finansiert av små transaksjonar frå mange hald snararar enn frå éin samla kapital.
Diaspora: Desentralisert sosialt nettverk, der brukaren har profilen sin på eigen server.