– Grått og kjønnslaust utan song

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 06.02.2022 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterk kritikk av læreplan

Norsk Musikkråd, Syngende skole og Musikk i skolen er fleire av dei som har reagert på at song er tatt ut av forslaget til ny generell del av læreplanen, som regjeringa la fram tidlegare i år.

Marianne Aasen (Ap) i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, er også kritisk.

– Slik den generelle delen framstår no, er det som noko grått og kjønnslaust. Når songen er tatt ut, mistar ein nokre viktige dimensjonar. Songen bidreg til samhøyrsle, meistring, skapande aktivitet, påpeikar ho.

Aasen trur ikkje songen vil forsvinna frå skulen, men er langt frå begeistra for det nye forslaget som vil erstatta den generelle delen av læreplanen.

– Dagens generelle del av læreplanen gjer at ein får lyst til å gå på skulen. Det nye forslaget, derimot, er grått og fargelaust og lite inspirerande. Slik det no ligg an, kan me få ein ny plan som er dårlegare enn den me har, seier ho.

Ifølgje Aasen vil Arbeidarpartiet jobba for å halda på mest mogleg av dagens generelle del av læreplanen.

LES OGSÅ: Lærer ikkje nasjonalsongen i skulen

LES OGSÅ: Nesten ingen syng på ungdomsskulen og i vidaregåande

Faktaboks

Her kan du lesa forslaget til ny generell del av læreplanen, og senda inn høyringssvar. Fristen for å senda inn svar til høyringa 12. juni.