Google avslører epidemiar tidlegare

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjenner du deg sjuk?

Då er det ofte meir sannsynleg at du googlar symptoma dine før du får time hos fastlegen din.

Ein ny studie viser at overvaking av internett kan oppdaga smittsame sjukdommar som dengue-feber og influensa opp til to veker tidlegare enn tradisjonelle overvakingsmetodar.

– Dette er fordi tradisjonell overvaking er avhengig av at pasienten gjenkjenner symptoma og søker behandling for diagnosen, i tillegg til tida det tar for helsepersonell å varsla styresmaktene gjennom sine nettverk, seier Wenbiao Hu til Daily Science. Han er ein av forskarane bak studien som er publisert i Lancet Infectious Diseases. Ifølgje Hu vil søk etter informasjon om smittsame sjukdommar kunne fortelja om nøyaktig  utbrot av denne sjukdommen.

LES OGSÅ: – Vitamintilskot er vekkasta pengar

Ved hjelp av algoritmar gjennom Google Trends og Google Insights  oppdaga ein at ein kunne oppdaga fugleinfluensa mellom ei og to veker tidlegare enn dei offisielle rapportane.

– I eit anna eksempel blei eit digitalt nettverk for datainnsamling funne å vera i stand til å oppdaga SARS-utbrotet meir enn to månader før dei første publikasjonane frå Verdens helseorganisasjon, seier han. Både Twitter og Facebook kan også vera effektive hjelpemiddel for å oppdaga utbrot av sjukdommar.

Ifølgje Wenbiao Hu vil globaliseringa av reiser og handel gjera det endå viktigare i framtida å oppdaga , overvaka og kontrollera smittsame sjukdommar.

På denne Google-sida kan følgja med på korleis det står til med søk etter influensa og dengue-feber!