God stemning

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Norsk Barneblad. 

Den bergenske artisten Miss Tati har foreldre frå Angola og er oppvaksen i Portugal. Dei musikalske røtene er også mangfaldige; ho blandar soul, funk, hiphop, rnb og jazz saman når ho endeleg går solo i 2015.

LES OGSÅ: Synlege Sandra 

Kordame
Kvardagsnamnet til Miss Tati er Tatiana Palanca. Ho kom flyttande til Bergen med mor og sysken då ho var ti; familien trong pengar, og mora fekk seg jobb på Colorline-båten som gjekk mellom Bergen og Newcastle. Tatiana hadde portugisisk som morsmål, men lærte seg norsk på berre eit halvår! Ho vaks opp i ein heim der musikk- og danseinteressa var stor, og heilt frå ho var lita, brukte Tatiana å underhalde familien med songnummer. Som 13-åring skreiv ho sin første låt – men det stoppa der. Ho tok ikkje opp låtskrivinga igjen før i 20-åra.

Frå å ha sunge mest for familien begynte Tatiana i slutten av tenåra å nærme seg eit større publikum. Saman med den like musikkinteresserte venninna, Irem Muftuoglu, skaffa ho seg jobb som kordame for diverse bergenske band og artistar. Ho var også ein del på jamscena i byen, og fekk etter kvart mykje erfaring med improvisasjon og solosong. I 2008 vart ho dessutan med i dansegruppa Flava Few, der artistnamnet Miss Tati oppsto.

LES OGSÅ: Alvor å danse til 

Låtskriving
I tillegg til å halde workshops i songteknikk, undervise ungar i dans og jobbe i kulturavdelinga i Bergen kommune har Tatiana vore kordame for artistar som Datarock, Store P og Whitest Boy Alive. Saman med coverbandet Fagernes Yacht Klubb fekk ho også sine eigne solonummer, og imponerte publikum med talent for både rapp og song. Det var på tide at Miss Tati sjølv stod i framgrunnen.

Etter å ha jobba med låtskriving i skjul gjennom fleire år gjekk Tatiana i studio for å spele inn dei første låtane sine i 2012. Ho jobbar mykje med improvisasjon når ho skriv låtar, og lagar stort sett melodien før teksta. Men aller først kjem rytmen; Miss Tati er inspirert av såkalla «rytmisk musikk», aller mest soulkjemper som Tina Turner, Chaka Khan og Lauryn Hill.

I 2013 spelte Miss Tati for første gong på festivalar som soloartist; på Nattjazz, Bygdalarm og Vossajazz fekk ho strålande kritikkar. Året etter var ho attende på Nattjazz – denne gongen i ein sal for 1200 menneske.

LES OGSÅ: Rastlaus musikk 

Soloartist
Miss Tati spelte mellom anna på barnejazzarrangementet Bajazz og festivalen Slottsfjell i 2014. Same vår kom ho dessutan med den første singelen sin, ein roleg rapplåt som fekk namnet Be Free. Songen vart kåra til Ukas Urørt på P3.

2015 er likevel det året då dei aller fleste skal få auga opp for Miss Tati. I januar kom singelen Shakedown, ein låt om å sleppe seg laus på dansegolvet, som med ein stilig og munter musikkvideo fekk merksemd både i Noreg og internasjonalt. Omtrent samtidig vart Miss Tati plukka ut som Urørt-finalist av P3. I mars spelar ho på festivalen Bylarm i Oslo. Det første albumet ho gir ut som soloartist, er venta litt lenger ut på våren.