– God hjelp å snakke om problem

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tør vi seie til folk at vi slit psykisk, like lett som vi skulle seie at vi har vondt i ein fot?

– Nei, meiner ungdommar Framtida.no snakka med då me snakka med Ungdomsrådet i Vågå. Likevel har dei mange tankar kring tematikken, ungdom og psykisk helse.

Sjølv om 15-20 prosent av barn og ungdom til ei kvar tid slit med psykiske problem, er dette framleis ikkje vanleg å tale om.

– Sjølvsagt
Er det raske svaret frå Ungdomsrådet i Vågå, på spørsmålet om det er tabu å prate om psykiske problem.

– Folk prate ikkje om dei problema, seier Sindre Stadeløkken.

– Sjølv om det er ein del på vår alder som går til psykolog, er det mykje vanskelegare å seie at du har det vondt, enn om du skulle ha brekt ein fot, utdjupar Anne Øygarden, Livia Hølmo og Natalie Lillebråten i ungdomsrådet.

– Kanskje er det verre å seie at du slit her, på ein stad som er så liten, fortel ungdommane.

– For det er litt slik som kviskreleiken, du fortel noko til ein, den fortel det vidare og så trur ”alle” at du er ustabil, held dei fram.

Generasjonsskifte
– Vi ser nok eit generasjonsskifte når det gjeld forholdet til psykiske problem, fortel dagleg leiar i Mental Helse Ungdom Ole Marius Vollen. Han meiner mykje av den nye openheita har kome gjennom auka fokus på psykisk helse i skuleverket.

LES OGSÅ: Sjukemeldt av eksamenspresset

– Likevel er det framleis eit stykket igjen, og vi lyt alltid halde ved like kunnskapen om psykisk helse, held han fram.

Barnevern og familierelasjonar
– Vi trur at problema startar tidleg for mange, seier medlemmane i ungdomsrådet.

– Kanskje om dei har problem med familierelasjonar, eller dei har vore innom hjå barnevernet.

– Korleis ein har det heime betyr så mykje, fortel Livia Hølmo. Elles legg ungdommane vekt på at mobbing kan føre til psykiske problem.  Også Ole Marius Volden meiner mobbing kan gje ungdom psykiske problem, i tilegg til utfordringar som skilsmisse i familien. Han trur ungdom i dag opplever press frå mange kantar, om det handlar om klede, mobilar eller status.

– Det er nok veldig samansette årsaker til at folk får psykiske problem, seier Ole Marius Volden.

Vegen ut
– Vi ser at talet på unge med psykiske lidingar held seg stabilt, men at det er fleire søker hjelp, forklarar Ole Marius Vollen. Han trur slik som gode samtalepartnarar er det som skal til for at ungdom skal takle dei mangslungne utfordringane dei er stilt ovanfor.

– Det  kan hjelpe med gode samtalar, derfor er skulehelsetenesta og gode rådgjevarar så viktig, held han fram.

– Det er vanskeleg å spørja, men det er ein veldig god start når det kjem til å hjelpe nokon som har det vanskeleg, seier Anne Øyjordet. Ungdomsrådet meiner generelt at folk er for feige når det handlar om ungdom og psykisk helse.

– Dei som ikkje er feige, tør hjelpe venene sine vidare, held ungdommane fram.

Ungdommane og Ole Marius Vollen er einige om at førebyggande arbeid har ein positiv effekt.

– Vi må berre halde fram og arbeide vidare, avsluttar Vollen.

Faktaboks

Sjå også: http://www.ungdom.psykisk.no

Når er det på tide å søke hjelp?
–  Menneske har opp og nedturar, at ein har tøffe periode betyr ikkje at ein har psykiske problem.
–  Når vonde tankar går ut over kvardagen din, som skule og studiar.
–  Når ein har hatt det vondt over tid.
–  Å søke hjelp er lurt, og dei fleste psykiske problem går over!

Treng du nokon å prate med?
–  Nokon i omgangskrinsen, læraren din, eller ein annan person du har tillit til.
–  Helsesyster, eller helserådgjevar på skule eller studiestad.
–  Fastlegen.
–  Røde Kors – telefonen for barn og unge: 800 333 21
–  Mental helses hjelpetelefon: 116 123  
–  Kirkens SOS: 815 333 00