Gler seg over responsen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilbakemeldingane har vore over all forventning, seier Marie Tveiten frå Seljord. 

21-åringen frå Seljord har fått mykje merksemd frå kjente og ukjente sidan ho la ut låta «Kom inn» på nettstaden Youtube førre fredag. I løpet av helga hadde meir enn 2000 sett musikkvideoen. I skrivande stund er talet på visingar passert 3000. 

– Eg var litt redd, og hadde ikkje peiling på kva folk ville synest. Derfor er det utruleg moro å sjå at låta blir dela og at eg får mange kommentarar, seier ho takksamt.

Ho er rask med å rose det faste bandet sitt med Torjus Eggen, Gunnar Sæter, Anders Hofstad Sørås og Håkon Møller. I tillegg får Kristoffer Grindheim og Kristian Karlsen og Lars Tronsmoen heider for film og miksing av låta. Den opphavlege planen var å presentere ein smakebit før jol. Men resultatet blei betre enn dei såg for seg. 
I den akustiske versjonen som er lansert på Youtube har dei erstatta trommene med ei avis. Det har blitt lagt merke til. Det var naturleg for seljordingen at Vest-Telemark blad trumfa dei andre bandmedlemmenes lokalaviser. 

– Sjølvsagt, smiler ho. 

– Det blei ein veldig fin lyd. Ein ny og god måte å bruke VTB på, konstaterer ho. 

Nært og ekte 
Tveiten skriv alle låtane sjølv. Somme gonger saman med mora. Ho karakteriserer musikken som «visepop», og var aldri i tvil om at ho kva språk eller målføre ho skulle synge på. 

– Eg har ein dialekt som ikkje er vanskeleg å forstå, så det var heilt naturleg. Det blir meir nært og ekte, seier ho. 

Marie Tveiten kjem ikkje frå nokon musikkfamilie. 

– Oldemor spela vel litt gitar, seier ho. 

Men som lita var Marie fast bestemt på at ho skulle spela hardingfele. For vesttelar blei ho kjent som ein lovande folkemusikkar. Etter å ha gått til topps i hardingfele, klasse C, på landskappleiken på Voss i 2010, la ho fela til sides. Tveiten ville gjera noko nytt innan musikken. Utan noko erfaring med sang eller låtskriving, stilte ho på opptaksprøve på NISS (Norsk Institutt for Scene og Studio). 

– På eit merkeleg vis kom eg inn, ler ho. 
No er ho inne i det tredje og siste året på skulen, og til våren er ho ferdig med bachelor i populærmusikk. 
– Det er ingen åtte til fire-jobb å arbeide med tekst. Det er noko som kvernar i hovudet. Eg noterer heile tida. Notatblokka er full og rotete, seier ho. 

Mange ballar i lufta 
I sommar var ho gjesteartist då Staut spela på Countryfestivalen i Seljord. Det gav meirsmak.

– Eg gler meg til å framføre eige materiale, seier 21-åringen. 

– «Kom inn» er det fyrste eg har lagt ut. Men det er mykje spennande i vente. Eg har mange ballar i lufta, legg ho til. 
Tveiten vil ikkje røpe noko særleg om kva publikum har i vente, men varslar ei utgjeving i løpet av året. 

Saka var først publisert i Vest-Telemark blad.