Gjev blaffen i overvaking på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga som er bestilt av Datatilsynet svarar seks av ti at overvakingssaka som blei rulla opp i fjor, ikkje har påverka handlingane deira på nettet, trass at over 80 prosent meiner at overvakinga anten er uakseptabel eller urovekkjande.

LES OGSÅ: – Får drahjelp av Snowden-saka

Interesse for personvern
Undersøkinga er gjennomført av Perduco og omfattar 1.500 deltakarar i alderen frå 15 år og oppover. Ho blir presentert saman med ein rapport som Datatilsynet har utarbeidd i samarbeid med Teknologirådet i samband med den internasjonale personverndagen tysdag.

Interessa for personvern har derimot auka, skal vi tru deltakarane i undersøkinga. Nærmare halvparten av dei spurde seier at dei har blitt meir opptekne av personvern enn tidlegare, medan nesten like mange seier at interessa er den same som før. Dette kjem truleg både av at vi sjølve deler meir på nettet gjennom sosiale medium og den offentlege merksemda om Snowden-avsløringane og datalagringsdirektivet, meiner Datatilsynet.

LES OGSÅ: Snowden-avsløringar kan skapa vanskar for Noreg