Gjer som du vil!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Gjer som du vil!

Mitt einaste mål i livet er å bli populær, rik og dyrka. Slik at eg kan trekke meg tilbake og nyte alles hyllest, på ein plass der sola alltid skin og kelnarane aldri sluttar å kome.

Dette er vanskeligare enn mange trur.

Eg vurderte naturligvis, som dei fleste andre, å bli popstjerne. Men arbeidstida er veldig upraktisk. Det er mykje seine kveldar og usunn livsstil. Dessutan må du gå i rare klede, danse og snakke med Asbjørn Slettemark.

Men no har eg funne vegen til suksess og dyrking.

Det begynte med at eg studerte bestseljarlista for bøker i Norge. Den såg sånn ut:

1. Sofie Hexeberg: Frisk med lavkarbo

2. Sofie Hexeberg: Friskere med lavkarbo

3.  Sofie Hexeberg: Frisk, pen, slank og skikkelig tøff med lavkarbo

4.  Fedon Lindberg: Lavkarbo – Jeg var først!

5.  Jo Nesbø: Lavkarbomannen

6.  Cecilia Samartin: La Karbohydrata

7.  Sofie Hexeberg: Enda en bok med nesten den samme tittelen om lavkarbo

8.  Karl Ove Knausgård: Min kamp mot kiloene, seks ekstremt lange lavkarbooppskrifter

9.  Annika Dahlqvist: Lavkarbo, jeg vil også være med

10. Fedon Lindberg: Lavkarbo er bare 2001

Så begynte eg å lese bloggar. Eg fann fleire lavkarbo-bloggar, der begeistra menneske fortalde at etter at dei slutta å ete brød og poteter, så blei dei rike, berømte, godt gifte, pene, friske og fekk mykje betre smak innanfor interiør, musikk og kunst.

Ein bloggar skreiv at han slutta heilt å ete poteter. Fjorten dagar seinare var han George Clooney.

Samtidig såg eg avisførstesider der folk advarte mot lavkarbo: Skrekkhistorier som fortalde at dersom du et berre bacon tjuefire timar i døgnet, så blir kroppen din full av bacon. Dessutan får du altfor lite søvn viss du sitt oppe heile natta og et bacon.

Andre folk stod fram og fortalde at dei hadde prøvd å følgje lavkarbodietten ved å ete flesk med rømme, majones og flytande feitt til frukost, lunsj, middag og mellom måltida, utan å bli særlig slankare av det.

Men det var ikkje alt.

På tv såg eg Eyvind Hellstrøm skjelle ut familiar som et take away og posemat. Hellstrøm lærte dei at viss du berre sett av eit par arbeidsdagar i veka til å besøke nokre av distriktets gardsbruk og fiskebåtar, fyller huset med ferske kvalitetsråvarer, har masse gode idear, kan alt om mat, og har ein Michelin-kokk på kjøkkenet, så kan nesten kven som helst klare å lage ein heilt ok middag på ein halvtime.

Og alle som har vore innom eit sosialt medium eller to, veit at folk ofte gir sine følgjarar og venner beskjeder av typen: «Har ete eit eple». Eller: «Fått i meg frukosten. På veg til jobben no.»

Og det er med alt dette som bakgrunn at eg har bestemt meg for å lansere min eigen diett:

ET KVA DU VIL-dietten.

Eg vurderte ei stund å kalle han «Et kva faen du vil-dietten», for å vekke oppsikt og verke tøff, men eg var redd for å støyte nokon. Ein kan ikkje støyte for mange om ein skal bli dyrka. Dessutan er eg ikkje spesielt tøff.

Hovudinnhaldet i «Et kva du vil-dietten» er, kanskje ikkje så overraskande, at du kan ete kva du vil. Det viktigaste er at du fortel alle andre kva du et absolutt heile tida, og at du oppfordrar alle andre til å ete det same som deg.

Å fortelje andre kva du et og kva dei bør ete, ser ut til å vere fellesnemnaren i alle matrelaterte suksessar dei siste åra. Derfor vil eg reindyrke dette. Både fordi eg då gir folk det folk vil ha. Og ikkje finst fordi kokebøkene då blir veldig lette å skrive. Den første boka eg planlegger å gi ut, skal heite «Et kva du vil, frå dag til dag». Der skal eg anbefale folk ein veldig enkel vekemeny:

Måndag: Et kva du vil

Tirsdag: Et kva du vil

Onsdag: Et kva du vil

Torsdag: Et kva du vil

Fredag: Taco (er det fest, så er det fest)

Laurdag: Et kva du vil

Søndag: Restar av det du vil

Slike bøker skriv seg jo nesten sjølv.

Så skal eg følgje opp med ei bok som heiter nesten det same og som ser nesten heilt lik ut. Og så endå ei bok som også heiter nesten det same og ser nesten heilt lik ut. Og endå ei. Osv.

Målet mitt er naturligvis å forvirre folk slik at dei kjøper fleire eksemplar av kvar bok eg gir ut.

Og eg håper naturligvis at ingen har tid til å gå i butikken for å bytte bøkene, fordi dei er for travelt opptatte med å fortelje folk kva dei et.

Om ikkje dette funkar heller, så gir eg opp. Nok er nok.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 15. oktober.