Gjer det dårlegare med mykje prøvar og lekser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For mykje prøvar og lekser

Ein ny rapport frå Nifu viser at elevar som får mykje lekser og prøvar får dårlegare karakterar.

– Det kan vere så enkelt som at dersom ein bruker mykje tid på vurdering, blir det mindre tid til undervisning, seier forskingsleiar Vibeke Opheim ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) til Aftenposten.

Ifølgje ein ny rapport som blir lagt fram på årskonferansen til Nifu fredag, kan mykje lekser og prøvar virke negativt på korleis elevane gjer det på skulen.

I elevundersøkinga vart 10.-klassingar spurt om kor ofte dei hadde mappeevaluering, prøvar, lekser og andre formar for vurdering av skulearbeidet. Dei vart også bedt om å oppgi karakterane sine i ulike fag. Elevar som sa dei hadde mykje vurdering, hadde svakare karaktersnitt enn elevar med mindre vurdering.

Nifu-forskarane fann same tendens i ei undersøking i 9. klasse og 1. klasse på vidaregåande.

– Men det betyr ikkje at prøvar i seg sjølv er noko ein bør unngå, all undervisning bør truleg innehalde eit element av vurdering. Men kanskje kan det bli for mykje? Mykje vurdering synest ikkje å gje elevane eit betre læringsutbytte enn moderat, seier Opheim.

Forskarane fann også ut at elevane må få tilbakemelding på arbeidet sitt for at testing skal ha positiv effekt. (©NPK)

Er det for mykje lekser og prøver i skulen i dag? Eller bør kunnskapen målast og evaluerast i endå støtte grad?