Gjennom nålauget til UD

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennom nålauget

 

Mange drøymer om å verte diplomatar, kontor på Victoria terrasse og utanlandsopphald på fleire år. I fjor toppa Utanriksdepartementet lista over føretrekte arbeidsplassar på humanistiske fag, kom på andre plass hjå jusstudentane og var det mest attraktive av departementa for økonomistudentane, i fylgje tal frå Universum.

Vegen dit startar som regel med aspirantkurset, eit treårig traineeprogram der ein er to år i departementet og eit år ved ein norsk utanriksstasjon. Vi fekk møte Bent Bakken og Yngve Hvoslef, for å høyre litt om korleis dei kom gjennom nålauget, om livet som aspirantar og kva forventingar dei har til framtida som diplomatar.

Allsidige menneske
Dei har mastergrad, mangslunge erfaringar utanom studia, har budd i utlandet og meistrar fleire språk. Så då vert spørsmålet om ein må vera ”supermenneske” for å kome gjennom nålauget?

– Det må vi sjølvsagt svare nei på. Sjølv om vi aspirantar kanskje er litt nerdar på kvart vårt felt, svarar Hvoslef.

– Og så må vi kunne omgåast andre menneske, legg Bakken til. Dei understrekar at det er stor spreiing mellom aspirantane, både når det kjem til utdanning og andre erfaringar. Bent Bakken har master i fransk historie og utdanning innan teknologi og innovasjon, og kunne fransk då han vart aspirant. Yngve Hvoslef er jurist og har i tillegg ein bachelor i internasjonale studiar, og kunne tysk og arabisk frå før.

– Det er veldig viktig å gjere noko anna enn å studere. Ingen kjem inn med berre toppkarakterar, utan å ha gjort noko interessant utanom studiane, seier Bakken.

LES OGSÅ: Blir den yngste redaktøren i landet

Variasjon
Aspirantane peikar på variasjon som ein viktig faktor for kvifor dei valde å søkje aspirantkurset.

– For meg handla det om blandinga med at eg er glad i både Noreg og glad i utlandet. Då  er det fint å fortolke signal frå andre land og samstundes få reise ut med historier frå heile Noreg, forklarar Bakken.

Har de alltid drøymt om å verte diplomatar?

– Eg hadde det kanskje litt i bakhovudet som 16-17 åring, men eg byrja på juss litt tilfeldig. For mykje handlar om nett tilfeldigheitar, så det er skummelt å bestemme seg for utanrikstenesta og ha det som einaste mål, svarar Hvoslef.

– Eg drøymte om det tidleg, men i studietida skulle eg eigentleg verte lærar. Men så hamna eg her likevel, legg Bakken til.

LES OGSÅ: Vegen til draumekarrieren

Totalbilete
Departementet sjølv peikar på at dei i utgangspunktet vil ha aspirantar med utdanning på masternivå. Tradisjonelt har det vore flest søkjarar med statsvitskapeleg bakgrunn, medan det dei siste åra har vore fokus på å få fleire juristar og økonomar til utanrikstenesta. Personlege eigenskapar er og viktig. Som det å vera robust, kontaktskapande og handlekraftig, og det å vera fleksibel og motivert – også for opphald ved krevjande stasjonar.

– Språk er særs viktig, i tillegg til engelsk bør ein helst kunne vera operativ i ein arbeidskvardag på eit anna språk. Gjerne russisk, kinesisk eller arabisk, men også fransk, spansk, portugisisk og tysk er viktige språk i utanrikstenesta. Vi ser at stadig fleire søkjarar har gode språkkunnskapar, forklarar seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet, Siren Namtvedt.

Ho peikar på at ein ser på totalbilete av søkjaren, og at både formal- og realkompetanse vert vurdert. Slik er gode allmennkunnskapar og interesse for både norsk samfunnsliv og internasjonale spørsmål viktig. Også erfaringar frå frivillig eller politisk arbeid er positivt, saman med utveksling, arbeidserfaring frå utlandet eller annan internasjonal erfaring.

LES OGSÅ: – Spennande å vera del av oljeeventyret

Noreg rundt
Opptaksprosessen til aspirantkurset er omfattande, med mellom anna testar, skriftlege og munnlege prøver, og intervju.

– Å vera med i prosessen er både morosamt og lærerikt. Baksida er at det tek tid, noko som kan vera ei utfordring i forhold til det å søkje andre jobbar, aspirantane.

I tida som aspirantar har dei både jobba i ulike fagavdelingar og hatt undervisning som aspirantkull. Dei har lært språk og farta Noreg rundt, for å lære endå meir om kva dei skal representere. 

(saka held fram under bildet)

Det handlar om å representere Noreg. Her frå pressekonferanserommet i Utanriksdepartementet.

LES FLEIRE SAKER OM YRKESVAL HER!

Lite glamorøst
Etter to år i Noreg, går ferda ut i verda. Bent Bakken skal til Portugal og Yngve Hvoslef skal til Strasbourg, mellom anna for å jobbe opp mot Den europeiske menneskerettsdomstolen.

 Har de land de drøymer om å jobbe i framover?

– Noreg har 104 utanriksstasjonar og det er mange stader det kan vera mange stader det kan vera spanande å jobbe, så det er i grunnen ope.

Å få nye opplevingar ved å bu i utlandet er noko av dei ser mest fram til i framtida som diplomatar. Saman med høve til variasjon og spenning i åra som kjem.

Har diplomatlivet nokre bakside?

– Det kan jo vera ei ulempe for familielivet. For sambuaren eller ektefellen, som har eigne karriere og ambisjonar. Og så bur ein langt frå nære og kjære over lenger tid, seier aspirantane.

For i Utanriksdepartementet er det flytteplikt. Ein bur gjerne tre år ute og tre år heime, medan ein ikkje kan jobbe ute meir enn 10 år, for å oppretthalde kontakten med Noreg. Før Framtida forlet Victoria Terrasse, må vi og stille det vanlegaste av alle Aspirant-spørsmål.

Er det mykje glamour?

– Det meste av det vi driv med er jo sakshandsaming, arbeid med ulike dokument og framom ein PC. Men det er små ekstraordinære drypp, som å plutseleg få ete middag med Hillary Clinton i Tromsø, seier Bent Bakken.

– Til no har det vore mykje kneippbrød og niste. Og sjølv om det hender det er mottakingar, så er ikkje det heller spesielt glamorøst, avsluttar Yngve Hvoslef.

Faktaboks

 

 Aspirantanes tips til unge diplomatdrøymarar
• Drøym om noko anna og!
• Gjer det du har lyst til.
• Hugs at det er mange andre spanande internasjonale jobbar.
• Lær deg språk! Spesielt viktige språk ikkje så mange andre kan, som russisk, kinesisk eller portugisisk.
• Ha interesse utanom studiane.
• Ver interessert i Noreg.