Gjekk mot straumen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som vanleg er det full fart hos Familien Nicholls på Hillarhaugen på Stord. Der jamnaldrande har nytta dei tidlege vaksenåra på reising, hobbyar og sjølvrealisering, har dei unge foreldra vore travelt opptekne med å passe på deira tre små.

– For meg handla det om å bli klar for det, og eg kjende at det var veldig naturleg for meg å få barn. Eg har alltid hatt lyst på barn, og var klar for noko meir i livet, ikkje berre å tenkje på meg sjølv, seier Kristina.

– Me meinte ikkje at det å få barn sto i vegen for sjølvrealisering. Sjølv om det å få barn absolutt gjer at ein får mindre tid til seg sjølv og sine prosjekt, så tenkjer eg jo at det å få barn også er ein måte å realisere seg sjølv på, skyt Kristian inn.

LES SAKA: Millennium-generasjonen vert vaksne – og barnlause

Kor viktig var materiell tryggleik når de valde å få barn?

Me diskuterte litt rundt det, for berre ein av oss hadde fast jobb når me fekk den første. Men så kom me vel fram til at det aldri ville kome til å passe perfekt. Mange planlegg jo alt i den minste detalj, til og med kva tid på året barna skal vere fødd i samband med barnehageplass, men slik har ikkje me tenkt så mykje på, fortel Kristian.

– Mykje press
Kristina trur heller ikkje materielle omsyn aleine kan forklare årsakene til at så mange i generasjonen hennar utset å få born. Ho trur spesielt unge kvinner i dag er utsett for så mykje press om å leve eit perfekt liv, og gjer at dei er redde for å miste kontrollen om dei får barn.

– Som kvinne kjenner ein på mykje samfunnspress. Mange er ganske redde for å øydeleggje kroppane sine, og det er jo vanskelegare å halde på ein perfekt kropp når du får barn. Med bloggar og sosiale media får du som kvinne mykje press om å ha et perfekt liv. Men ein småbarnsfamilie er ikkje berre fylt av perfekte augneblinkar. 

Går livet over?
Men er det slik som Aksel Braanen Sterri fryktar, at livet som du kjenner det er over når du blir forelder? Kristian ser det ikkje slik.

– Det set ingen stoppar frå å gjere det ein har lyst til å gjere, sjølv om det sjølvsagt blir litt annleis når ein har ansvar for tre små barn.

Ein ting er iallfall sikkert, om det så er materielle omsyn eller sjølvrealisering som er hovudårsaka til den fallande fødselsstatistikken. Jo færre barn som kjem til, jo tøffare vert det å bere den økonomiske byrda ved å halde oppe velferdsstaten. Det hender det at Kristian tenkjer på.

– Eg jobbar jo med økonomi og pensjon til vanleg, og ser jo at det allereie i dag er utfordringar med for få arbeidstakarar i høve til pensjonistar. Sånn sett kan ein jo seie at det er litt urettferdig at me som har fått tre barn må dele ansvaret med alle dei som ikkje får barn.