Gjekk 45 mil for kreftsaka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Bømlo-nytt fortalde 23. juli om vandringa som dei to hadde lagt ut på. Då var dei om lag halvvegs. Ikkje berre har dei gått den lange turen. Dei har hatt kvar sin tunge ryggsekk på mellom 25 og 30 kilo på ryggen, med mellom anna telt og stormkjøken.

LES OGSÅ: – Eg tippar me har gått rundt 180 kilometer så langt

Budde på suite
Det var Marita Hopland som kom på tanken om å samle inn pengar til Kreftforeningen ved å gå frå Stavanger til Oslo. Dei to er begge studentar. Etter nesten tre veker nådde dei endeleg fram til Oslo. På slottsplassen stod slektningar av Hopland med norske flagg og tok imot dei. Wathne Skimmeland legg ikkje skjul på at det var ei herleg kjensle å komme fram sundag 2. august.

– Det var heilt fantastisk. Me feira med pizza på pizzarestaurant, og eit hotell sponsa oss med overnatting i suite natt til måndagen. Det var veldig kjekt, seier han.

LES OGSÅ: Syklar Noreg rundt for kreftsaka

Såre føter
Sjølv med nokre innlagde fridagar er det ikkje til å leggja skjul på at den nesten tre veker lange spaserturen tok på kreftene.

– Det var veldig slitsamt. Eg hadde eit vondt kne og Marita sleit med gnagsår, men me fekk tak i støttebandasjar og kom oss i mål. Samstundes var det ein veldig fin tur, og me har opplevd og sett mykje. Me trefte mykje folk, og nokre me trefte på ropte «heia heia», seier Wathne Skimmeland.

– Er det ei spesiell hending, eller ein spesiell plass de var på vegen, som de vil hugse ekstra godt når de no er framme?

– Då me kom fram til Dalen i Telemark var me om lag halvvegs og hadde ein kviledag. Det var utruleg fint der med fjell på alle kantar, svarer han.

 


Lunsj hos Kreftforeningen i Oslo. Her var dei veldig takksame for gåva til Kreftforeningen sitt arbeid. Foto: Tor Widar Svendberg, Kreftforeningen. 

Møtte Kreftforeningen
Wathne Skimmeland seier han og kjærasten er veldig glade for alle som har støtta opp om innsamlingsaksjonen. At dei har klart å samle inn godt nesten 24.000 kroner er dei veldig godt nøgde med.

– Det er flott at innsamlinga har fått såpass stor merksemd, og knallbra at så mange har følgt oss på nettsida og Facebook, seier han. I Oslo vart dei to inviterte på lunsj og fekk takk av Kreftforeningen.

– Trur du det blir fleire slike fotturar?

– Nei. Om det blir langtur blir det nok på sykkel.

– Det blir vel å slappe mykje av no desse dagane?

– Ja, det blir ikkje så mykje trening akkurat. Det fristar ikkje noko særleg med joggetur no, seier han. Framleis er det høve til å gje pengar til innsamlingsaksjonen deira via nettsida til Kreftforeningen.