Gardssal skyt i vêret med nye alkoholreglar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kundane som kjem til gards kjøper nemleg meir enn berre sider, melder NRK. Asbjørn Børsheim i Ulvik Frukt & Cideri seier salet er dobla etter at han fekk lov til å selje epledrikk med meir enn 4,7 prosent alkohol.

– Den har dratt med seg dei andre varene også, slik at vi har fått større sal totalt sett. Kundane er både lokale, norske og utanlandske, fortel Børsheim. Den siste gruppa har tidlegare vore uforståande til at dei ikkje har fått kjøpe frå heile sortimentet.

– Dei er langt meir nøgde enn tidlegare og blir ikkje rasande lenger, ler Børsheim, som meiner den sterke sideren er best.

– Det er ved seks til åtte prosent alkohol vi får fram den beste eplesmaken, forklarer Børsheim. Han seier dei nye reglene er i ferd med å skape ei ny næring lengst inne i kanskje det mest berømte fruktområdet i landet.

– No er det sju garder som sel, og eg veit om fleire som har planar om å starte til neste år. (©NPK)

Les også om Slow Food-bygda Ulvik: Jobbar for saktare mat