Går ikkje meir med Pokémon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første veka etter nedlasting gjekk spelarane i gjennomsnitt 955 ekstra skritt om dagen, har forskarar ved det amerikanske Harvard-universitetet funne ut.

Studien har følgt 1.182 vaksne i alderen 18 til 35 år over tid, og for dei fleste av dei var aktivitetsnivået etter seks veker tilbake til kva det var før dei la ut på monsterjakt.

– Vi er i startfasen med å forstå korleis den typen spel kan ha positive helsefordelar. Dei gir folk ein grunn til å gå ut og sosialisere seg, seier Kathrine Howe, ein av forskarane bak studien.

Spelet er lasta ned over 500 millionar gonger sidan lanseringa i juli, og det blei også populært i Noreg. Både statsminister Erna Solberg (H) og Venstre-leiar Trine Skei Grande er blant politikarane som har brukt mobilen for å fange Pokémon, og i september rosa helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) spelteknologien.

– Eg har blitt litt skuffa som helseminister, fordi Pokémon Go har gjort meir for folkehelsa denne sommaren enn eg har klart å gjere på tre år. Det er mykje å hente ved å ta i bruk nye spel, også når det gjeld helse, sa Høie då.

Les meir om Pokémon Go!